Wild Food - Mat fra vest
Fotograf: Dagrun Reiakvam

Fotograf: Dagrun Reiakvam

Wild Food

Møt villmatkokken Chapman

Med naturen som spiskammer

Med auge for potensialet i naturen sine råvarer og genuin interesse for mat utviklar kokk og matforskar Chris Chapman nye rettar til glede for matelskarar.

Chris har lang internasjonal erfaring, mellom anna som head pastry chef på Jamie Oliver-restauranten Fifteen Cornwall. På matfestivalen vil han presentere rettar som du ikkje finn nokon annan stad, under produktnamnet Wild Food.

– Eg freistar heile tida å finne nye smakskombinasjonar og sette saman nye rettar. Som villmatentusiast samlar eg dei finaste, mest smakfulle og sunne råvarene frå naturen, fortel Chris.

Nyskapande kokkelering

Han skal på matfestivalen presentere tre av sine nyskapande rettar.

– Det vert servert vikingpesto med handplukka ramslauk frå Sognefjord og Undredals-geitost, bakt furuostekake med ferskost frå Ostegarden og skot frå skogen, samt omnsbakt honningmüsli med korn frå Volda, honning frå Hardanger og bær frå skogen, fortel kokken.

Chris er sikker på at besøkande vil like den naturbaserte maten hans.

– Nordmenn har lange tradisjonar for å bruke naturen til å skape god mat, og eg ønskjer å få folk til å gå vekk frå den moderne hurtigmatkulturen og bli meir merksame på kva dei et, samt kva som er tilgjengeleg i omgivnadene.

Produktutvikling

Per i dag vert villmatprodukta til Chapman nytta mellom anna på kjøkenet på Åmot Operagård og hjå Hanne på Høyden.

– Moglegheitene er endelause når ein har den herlege norske naturen som spiskammer, seier Chris, som har spanande planar for framtida:

– Eg er i startfasen med å utvikle «wild food»-produkt som skal seljast i Noreg og utlandet, og tilbakemeldingane eg håpar å få på matfestivalen vil være med på å forme desse produkta, seier villmatkokken.

Wild Food

  • Med auge for potensialet i naturen sine råvarer og genuin interesse for mat utviklar kokk og matforskar Chris Chapman nye rettar til glede for matelskarar.


Kontakt

Wild Food

Wild Food sine produkt blir brukt ved serveringsstadene Åmot Operagard og Hanne på høyden.