Voss Gardsslakteri - Mat fra vest

Voss Gardsslakteri

Kvaliteten på kjøtet frå Voss Gardsslakteri har vorte omtalt som «langt over det ein til vanleg blir tilbydd frå dei store slakteria i Noreg.» Grunnen til det er enkel:

– Me leverer kjøt frå glade utegriser. Hos oss ligg slakteriet ligg berre 50 meter frå driftsbygningen på Selheim. For kalv og gris vet det difor berre ein kort tur i ei dyrekasse frampå traktoren. Det gjev trivsel og lite stress for dyra før slakting, og gjev deg eit langt betre kjøt på middagsbordet.

Gunnar Nagell-Dahl er sjef for Bergen Matfestival og matattaché for Fylkesmannen i Hordaland, og han har sagt «Om lag 70 prosent av kjøtkvaliteten vert bestemt av tilhøva i og rundt slakteprosessen». Det er noko av grunnen til at fleire av dei beste restaurantane i Bergen vel kjøt frå Voss Gardsslakteri.

Til dyras beste

Voss Gardsslakteri er eit moderne småskalaslakteri på garden Selheim på Voss, som har gode tilhøve for modning og kjøling. Slakteriet vart starta opp i 2008 med utgangspunktet i frustrasjon over at alle slakteri i Hordaland vart lagt ned, og at dyra fekk ein urimeleg lang «siste reis» på veg til slakting.

– Me har for tida 150 gris gåande ute på bakkane våre, og desse vil me selja i 5-10 kilos pakker på bestilling. Desse kan leverast frå oktober/november. Produkta me leverer er meir fleksible enn standarane ein finn i butikken. Kunden kan velja storleik og feittinnhald, mørning og foredlingsgrad. Kjøtet er ustressa og med ein god historie, noko som er med på å gjere smaken heilt fantastisk.

Kortreist mat, høg kvalitet

Voss Gardsslakteri slaktar og foredlar storfe, gris, lam og hjort. Hovudsakleg kjem dyra frå eigen gard, medan lam vert innkjøpt frå gardsbruk i nærleiken.

– Me leverer lokal, kortreist mat av høg kvalitet. Eitt eksempel er vår versjon av Vossakorven: røykt, heimalaga Selheimskorv. Dette er tradisjonell middagspølse slik den vart laga på Voss på alle gardar før i tida. Denne vert kvar torsdag servert i store mengder på tradisjonelle Vangen Café på Voss som tilbehør til raspekaker.

Andre produkt du kan få hos Voss Gardsslakteri er ferskt kjøtt av kalv av rasen Vestlandsk fjordfe, og heimalaga tørrsalta bacon. 

Les meir om produkt og spesialitetar.

Voss Gardsslakteri

  • Eit småskala slakteri på garden Selheim på Voss.
  • Slaktar og foredlar storfe, gris, lam og hjort.
  • Har for sal mellom anna gris som er fødd ute i mai månad, og som har gått ute heile sommaren og hausten.
  • Har eige utsal på garden for privatpersonar og næringsdrivande. Kjøyrer òg ut varer etter avtale.
  • Les meir her

Kontaktinfo

Voss Gardsslakteri, Selheim, 5700 Voss

Telefon: 97609386 eller 97196813
E-post: lars@vossg.no
Nettside: www.vossg.no

Her finn du dei