Voss Bryggeri - Mat fra vest

Voss Bryggeri

I 2013 opna trekløveret Bryggeri på Kyte nær Voss

Frå himmel til ølproduksjon

To fallskjermhopparar og ein hangglider bestemte seg for å lande eit nytt og spanande bryggeri på Voss. Med på laget fekk dei ein amerikansk bryggeriekspert. Resultatet vart nystarta Voss Bryggeri.

I mai 2013 opna trekløveret Jeanette Lillås, Jon Gjerde, Dag Jørgensen og bryggaren Ian Green Voss Bryggeri på Kyte, litt aust for Voss. Ian flytta hit eit år etter at dei andre hadde starta verksemda. Sjølv om bryggjeriet er nytt, sel dei øl til restaurantar i Bergen og Oslo, samt på Voss og i Stavanger.

Bryggeriet har eit spesialtilpassa produksjonsanlegg, og i dag produserer dei 1000 liter i veka. Planen er å kunne produsere 3000 liter i 2014.

Profesjonell bryggar frå USA

Bryggeriet held til i eit nedlagd postkontor, bakeri og landhandel på Kyte.

– Det har gått fort, men vi har fått med oss Ian frå USA, som er ein rutinert bryggar med erfaring frå Oregon. Han har ein bachelor i brygging og destillering. I Norge er det få andre i hans kaliber, og vi er glade for å ha han med på laget, seier Lillås.

Følg Voss Bryggeri på Facebook:

Voss Bryggeri held til i ein gammal landhandel i bygda Kyte utanfor Voss

Voss Bryggeri held til i ein gammal landhandel i bygda Kyte utanfor Voss

Debuterte på Bergen Matfestival

Voss Bryggeri debuterer på både Bergen Matfestival og Bergen Ølfestival (BØ) i 2013, to festivalar som overlappar kvarandre. I samarbeid med BØ, laga bryggeriet eit eksklusivt festivaløl desse dagane.

– Vi er van med spenninga frå hanggliding og fallskjermhopping, men å drive eit bryggeri er kanskje noko av det mest spanande vi har gjort. På kort tid har vi fått opp eit 1000 liters bryggerianlegg. Det fine er at vi er det einaste bryggeriet på Voss, som er ei bygd med lange tradisjonar for ølbrygging, seier Lillås.

Ølutsal etter kvart

Dei fire gründerane bak Voss Bryggeri har ambisjonar om å bli større etter kvart.

– Førebels sender vi kun øl på fat til restaurantar. Med tida har vi derimot eit ønskje om å starte ølutsal frå dei nyoppussa lokala våre i Kyte. Skjenkeløyve er allereie på plass, men vi tek eit steg om gongen, seier ho.

– Først og fremst blir det moro å delta på matfestival i Bergen, fortel den ferske bryggerieigaren.

Voss Bryggeri

  • To fallskjermhopparar og ein hangglider bestemte seg for å lande eit nytt og spanande bryggeri på Voss.
  • Med på laget fekk dei ein amerikansk bryggeriekspert.
  • Resultatet vart verksemda Voss Bryggeri.


Kontakt

Voss Bryggeri

Kytesvegen 396
Voss 5706
Vossavangen
Tlf: 975 40 517

E-post
Facebook