Urnes Gard - Mat fra vest

Urnes Gard

Har levd av den næringsrike garden dei siste 400 åra

Generasjoner med kvalitet

På Urnes gard i Luster har ein dei siste 400 åra levd av den næringsrike garden. Fruktbonde Randi Kristin Bugge kan blant anna takke slektningane sine for at ho i dag er sjef for merkevaren Urnes Gard.

Urnes Gard ligg som næraste nabo til Noregs eldste stavkyrkje, Urnes Stavkyrkje. Garden sjølv har ei historie og tradisjonar heilt attende til 1300-talet. Med dette som spanade bakteppe, produserer fruktbonde Randi Kristin Bugge ettertrakta saft og syltetøy.

– I dag driv vi hovudsakleg med produksjon av bringebær, men vi dyrkar óg jordbær, morellar, hageblåbær og eple. Eple og bær blir vidareforedla på garden til most, saft og syltetøy, seier fruktbonden.

Produkta blir seld på Bondens marked, i fleire butikkar i eige fylke og nabofylka, i kafear og restaurantar, og i nokre sesongopne senter. Dei er óg å finne på Coop Obs! på Lagunen Storsenter i Bergen. Fullstendig liste over utsalsstader finn du på: www.urnes.no

Balla på seg
I alt produserer Urnes Gard 20 000 liter med saft og syltetøy i løpet av ein sesong.

– Det har blitt ein del med åra, ja, smilar Bugge.

Foreldra starta i det små på kjøkenet til turistkafeen, som ho no driv saman med mannen. Sidan 2005 vart produksjonen flytta til nye produksjonslokale.

– Spesielt eplemosten får eg mykje ros for. Vi lagar most av standard 1-eple. Då får vi ein særegen og god smak, seier ho.

Som dei fleste andre som deltek på Bergen Matfestival, tilset ho ingenting til produkta sine.

Urnes Gard

  • På Urnes gard i Luster har ein dei siste 400 åra levd av den næringsrike garden.
  • Fruktbonde Randi Kristin Bugge kan blant anna takke slektningane sine for at ho i dag er sjef for merkevaren Urnes Gard.


Kontakt:

Randi Kristin Bugge
6870 Ornes
Tlf: 907 68 284

E-post
Facebook
urnes.no