Undredal Stølsysteri - Mat fra vest

Undredal Stølsysteri

Har vore laga geitost i Undredal så lenge ein kan hugse

Geitost frå Sogn til heile landet

Så lenge ein kan hugse har det vore laga geitost i Undredal i vakre Aurland i Sogn og Fjordane. I dag blir den produsert her på heiltid, for ein marknad som strekkjer seg langt utanfor kommunen sine grenser.

I 2012 kunne Undredal Stølsysteri markere heile ti år med heilårsysting. Tradisjonane omkring geitost er likevel langt eldre enn som så i sognebygda.

– I Undredal er det å lage ost uløyseleg knytt til bygda sin identitet. Så langt attende vi kan spore og fram til i dag har det utan opphald blitt laga ost av eiga mjølk her. Vi som driv ysteriet i dag har sjølv vore ekte stølsbudeier, og fører det vi lærte av generasjonen før oss over i ei ny tid, fortel Anna K. Marstein.

Undredal Stølsysteri består av tre gardar med til saman 220 mjølkegeiter, og ligg vakkert til heilt nede ved Aurlandsfjorden, som er ein del av verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap. Med ei gammal stavkyrkje i nærleiken kan ein trygt seie at gammal kultur møter moderne matlandskap i Undredal.

Ostepris
Området er perfekt for klatreglade geiter, og slikt blir det god ost av.

– På ysteriet er vi opptekne av å ta vare på tradisjonen i bygda utan å måtte frårøve mjølka hennar beste kvalitetar gjennom pasteurisering. Slik beheld vi smaksrikdomen i ostane våre, forklarar Marstein.

Ostane som blir produsert ved ysteriet er Brun Undredal, ein brun geitost i ulike storleikar, Kvit Undredal av fersk, rå mjølk, som finst i tre modningsgradar, og den tradisjonelle Sognakvitosten som er utan salt.

– Vellagra Kvit Undredal vart i 2012 sågar kåra til Årets Ost i konkurransen Det Norske måltid. Vi tykkjer det er gjevt å bli så høgt verdsett av kokkar og kundar, seier Marstein.

Ynskjer du å smake på ostane frå verdsarven, er dei å få kjøpt på Underdalsbui i Aurland, og i spesialbutikkar over heile Noreg. Sjå heimesida for meir informasjon om utsalsstader. 

Fyrst utanfor landet
Undredal Stølsysteri sine produkt byrjer å bli anerkjent ¬¬òg utanfor landegrensene. Som det fyrste geitostysteriet i Noreg, basert på rå mjølk, fekk Undredal Stølsysteri i 2003 full autorisasjon for produksjon og sal av kvit og brun ost i heile Europa.

– Dette gjer at me som lokalt ysteri òg kan rekne oss som del av ein stolt europeisk tradisjon, der kvalitet ikkje berre er relatert til tekniske kriteria, men til dyrehelse, jordsmonn, planteval og beitelandskapet, legg Marstein til.

Undredal Stølsysteri

  • Så lenge ein kan hugse har det vore ysta geitost i Undredal i vakre Aurland i Sogn og Fjordane.
  • I dag produserast det på heiltid, for ein marknad som strekkjer seg utanfor Noregs grenser.


Kontakt:

Undredal Stølsysteri

5746 Undredal
Tlf: 57 63 17 63/
907 18 655

E-post
Facebook
undredalsost.no

Kontakt Undredal Stølsysteri for henvendelsar utanom bestilling av ost.

Underdalsbui

5746 Undredal
Tlf: 57 63 30 80
E-post

Kontakt Underdalsbui for bestilling av ost.