Ulvik frukt & cideri - Mat fra vest

Ulvik frukt & cideri

– Den gode eplesmaken

– Står i kø for å kjøpa eplesaft

Når Asbjørn Børsheim kjem til Bergen Matfestival med eigenprodusert eplejuice og råsaft av eple, vert køa av interesserte lang. Vi går 110 prosent inn for å selje den beste epledrikka i Noreg seier Asbjørn.

– Asbjørn Børsheim held til i Ulvik. Han driv garden Hakastad, og sel eplejuice, saft og cider med alkohol. Men drikke med alkohol får du ikkje kjøpe på matfestivalen. Epleprodukta hans blir selde under logoen Ulvik Frukt Cider  

Produserer og sel eigne varer

– Fruktgarden vår har vore drive godt i mange år. Etter kvart har fruktpressinga blitt eit fulltidsprosjekt, kombinert med omvisningar for turistar. Garden er kjent for å ha mange ulike slag eplesortar, mellom anna nokre litt eldre som gjev ein særeigen god smak når dei blir pressa til saft, juice og cider, seier Børsheim.

Alle epla som vert pressa til drikke kjem frå Hakastad gard.

– For å setje det litt på spissen kan eg, som mange andre fruktbønder, seie at eg kjenner historia til kvart eple, humrar han lunt.

Les meir om garden til Asbjørn Børsheim her

Mange turistar

På same måten som vingardar i Frankrike tek Hakastad gard imot vitjing frå fleire turistbussar i løpet av året. Turistane får god omvisning, og dei får sjå korleis epla vert pressa og foredla. Dessutan får dei høve til å kjøpe epledrikke.

Berre til restaurantar

Du finn ikkje produkt frå Ulvik FruktCider i butikkane. Varene kan berre seljast til nokre få restaurantar i Bergen, som til dømes Bellevue og Bastant.

I løpet av ein sesong blir det sendt ut 25 tonn med epledrikke frå Hakastad gard. Ein del av dette får dei som vitjar Bergen Matfestival høve til å smake på, samt kjøpe med seg heim som eksklusiv og god drikke frå Ulvik.

– Det vert alltid kø når vi er i byen, smilar den tidlegare rektoren på Hjeltnes Gartnarskule, no fruktbonde og epledrikkprodusent på heiltid. 

Ulvik frukt & cideri

  • Ulvik Frukt & Cideri er ei familieverksemd på garden Hakastad i fruktbygda Ulvik, Hardanger.
  • Her dyrkast dei vanlege eplesortane, fleire gamle eplesortar og nokre engelske og franske sidersortar.
  • Med utgangspunkt i dette utvalet, tilbyr Ulvik frukt & cideri ulike smaksvariasjonar av eplejuice og sider.


Kontakt

 

 

 

Asbjørn Børsheim
Hakastad
5730 Ulvik
Tlf. 911 02 215

E-post
Facebook
hakastadsider.no