Tønnegarden - Mat fra vest

Bakaren og bøkkaren

På Tønnegarden kan du mellom anna finne brød bakt i steinomn, norsk tradisjonsmat og eit flott lokale for arrangement. Ellers er dette ein av dei få stadane i landet der dei framleis driv tønneproduksjon, dette er noko dei ynskjer å vise fram.

Tønnegarden er i utgangspunktet ein tradisjonell vestlandsgard med mjølk som hovudproduksjon. I tillegg har det vore produsert tretønner i generasjoner. Tretønner var i historisk tid det folk brukte for å oppbevare mykje av maten sin. Familien Gangstø har sett opp eit nytt bygg og flytta bøkkararbeidet inn i tidsrette lokale. Bygget er tilrettelagt for at dei som kjem innom kan få eit innblikk i produksjonen. Gjennom utstilling vert historia til tønna og garden presentert. Jostein og Oddvar var med i NRK-serien "anno" som oldermann og bøkker.

Mykje godt å eta

Utstillingslokale fungerer óg som serveringslokale med mange muligheter. 

– Hos oss kan du feire din bursdag, ditt jubileum, ditt lag, og samtidig få ei kulturell oppleving. Midt i det store lokale som per i dag kan ta imot 80 gjester er det murt ein steinomn. Det blir gode brød frå vår vedfyrte bakaromn. Me bakar brød bakt med lite gjær og lang hevetid. I tillegg til vanlege mjølsortar nyttar me og gamle kornslag som emmer, spelt og svedjerug som me kvernar sjølv. Våre populære valnøttbrød, rundstykker, boller og rugbrød vil du kunne kjøpe på matfestivalen! Steinomnen er og fin å bake pizza i.

– Bergensfolket må få smaka

Tønnegarden baker lefser på gamlemåten, etter oppskrift som har gått i arv i generasjonar på garden. Desse sel dei mykje av i gardsbutikken, tørre eller smurte. Rauddravle er óg noko dei sel mykje i heimkommunen Fusa, tradisjonsrik og kjempegod.

– Den er søt, fyldig, slett og god. Nydelig servert kald med kavring til. Rauddraven blir kokt på melk frå garden. Kaker i alle slags varianter er å få kjøpt i vår kafe. Me tar med kaker som eplekake, formkaker, kjeks og snop til matfestival.


– Me har også middagsservering, og dei heimelaga kjøttkakene våre sel me ut fortare enn me lagar. Saftige og gode, laga med heimeavla vestlandsk fjordfe, og hjort skoten rett utanfor våre lokale. Har det sultne bergensfolk smakt så gode kjøttkaker før? 

Tønnegarden

  • Held til på garden Indre Samnøy i Fusa kommune. Her har me i tillegg til vanlig gardsdrift med mjølkeproduksjon, drive med tretønneproduksjon i mange generasjonar.
  • Tek imot grupper for omvisning i tønneproduksjonen, og me har og utstilling og dokumentasjon om historia til bøkkertradisjonen.
  • Bakar brød og anna for sal fleire dagar i veka. Dessutan bakar dei lefser og flatbrød, kokar rauddravle og lagar anna tradisjonsmat på det nye kjøkkenet.
  • Treng du ei kake til bryllup, dåp eller konfirmasjon, eller kanskje det er ein bursdag som skal feirast, er Solveigs kaker både gode å eta og fine å sjå på.
  • Har og lokale til forskjellige arrangement. Her kan me ha møter og tilstelningar, og gjerne med servering.
  • Les mer om Tønnegarden her

Kontakt

Tønnegarden
Samnøyvegen 57, 5642 Holmefjord

Telefon: 91 99 30 40
E-post: post@tonnegarden.no
Nettside: www.tonnegarden.no

Her finn du Tønnegarden