Tom Rørnes - Mat fra vest

Tom Rørnes

Ferske naturlege råvarer og 30 års erfaring

Ein lidenskap og livsstil

Ferske naturlege råvarer, god service og 30 års erfaring innan faget gjer Tom Rørnes til ein kjend og kjær skikkelse på Fisketorget. Kundane kjem frå inn- og utland, er kvalitetsmedvitne, og kjem att år etter år.

– Det gjer noko med ein fiskehandlar når kundar frå ulike land hevdar at dei kjem til Norge berre for å besøke utsalet vårt og Fisketorget, seier Tom Rørnes.

Tom Rørnes var ein av dei første i verda som fekk fagbrev som fiskehandlar. Sidan han starta opp i 1985 har livet og arbeidet på Fisketorget vorte livsstilen hans.

– Eg elskar livet, miljøet og atmosfæren på Fisketorget. Dette førte til at eg opna eigen butikk i 1992, og sidan den gong har eg halde ope både sommar og vinter, seier Rørnes.

Best i test

I 2010 gjorde Forbrukerrådet ei landomfattande undersøking av bakterienivå på fersk fisk.

– Det er kjempekjekt. Vi brukar berre ferske, naturlege råvarer frå lokale kystfiskarar, og vi marinerer, graver, steikjer og gjer mest mogeleg sjølve, seier fiskehandlaren.

Lokale kystfiskarar leverer

Han legg vekt på å samarbeide med lokale kystfiskarar som nyttar reiskap som skånar naturen.

– Helst vil eg at det skal fiskast med ruse, teiner og pilk. Vi kjem ikkje unna bruk av garn, men trål likar eg ikkje. Miljøet er viktig, og eg kjenner eit ansvar for å bidra det vi kan. Difor brukar vi små båtar som går inn og lastar av fangsta kvar dag, seier Rørnes.

Sjømat på grillen

Om hausten sel dei mykje krabbe. Men dei sel òg mykje av grillmaten dei grillar sjølve.

– Stadig fleire bergensarar brukar Fisketorget og kjøper lunsj her. Dette er ei god utvikling som vi er glade for. Vi er ikkje nøgde før kundane våre er nøgde, smiler Rørnes.

Tom Rørnes

  • Ferske naturlege råvarer, god service og 30 års erfaring innan faget gjer Tom Rørnes til ein kjend og kjær skikkelse på Fisketorget.
  • Kundane kjem frå inn- og utland, er kvalitetsmedvitne, og kjem att år etter år.


Kontakt:

Tom Rørnes
Fisketorget

Fisketorget
5014 Bergen
Tlf: 926 47 115

E-post
Facebook