Tjore Gardsmat - Mat fra vest

Tjore Gardsmat

Hjå Tjore Gardsmat er gode, lokale råvarer viktig

– Kjøt skal vere kjøt

Hjå Tjore Gardsmat er gode, lokale råvarer viktig. Her blir både gamle oppskrifter nytta og nye produkt utvikla i steinhuset frå 1700-talet.

På Radøy i Nordhordland ligg garden Tjore. I snart ti år har Bjørg Skarbø laga grillpølser, spekepølser og ferskt kjøt her med stor dedikasjon

– Utgangspunktet var grillpølser av storfe, sidan vi tidlegare hadde kjøtfe på garden. Etter kvart vart produksjonen utvida med lammepølser som har blitt svært populære, fortel Bjørg.

– I dag driv sonen vår garden med sau, og vi lagar både grillpølser, fenalår, lammerull, spekepølser og pinnekjøt av eigne dyr, samt grillpølser og ferskt oksekjøt av kjøtfe, legg ho til.

Tradisjonsrik oppskrift

I tillegg lagar Bjørg spekepølse av kjøt frå hjort og sau.

– Til hjortepølsa fekk eg opplæring frå Magnhild Dyrdahl. Ho har ein særskild måte å lage spekepølse på som eg vart veldig fascinert av, så då er det ekstra stas å få lære.

Tanken om å lage reine, gode kjøtprodukt har følgd Bjørg heilt sidan starten, og ho betaler gjerne litt ekstra for å få spesielt god kvalitet på råvarene.

– Eg ville lage saftige pølser med mykje kjøt og godt krydder, utan kunstige tilsetjingar. Det har etter kvart vorte eit viktig prinsipp som gjeld for alt vi produserer, og noko kundane våre set pris på. Kjøt skal vere kjøt, konstaterer Bjørg.

Heile garden i bruk

Rammene rundt sjølve produksjonen kan òg seiast å vere unike. Produksjonslokalet er eit over 300 år gammalt steinhus på garden.


 

– Då vi starta opp for ti år sidan bestemte vi oss for å restaurere og bruke eigne bygningar som opp gjennom tida har hatt mange ulike funksjonar. Det gamle hestehuset brukar vi til dømes som røykehus. I dag er alle hus på garden i bruk, og berre det er veldig kjekt, seier Bjørg.

Tjore Gardsmat er fast deltakar på Matfestivalen i Bergen, og i år kan dei freiste med smaksprøver av alle dei ulike produkta. Elles i året er produkta å få kjøpt frå utsalet på garden, i kiosken på fergekaia på Oppedal og i butikken på Bjørkheim. Dei kan òg bestillast over telefon eller e-post

Tjore Gardsmat

  • Hjå Tjore Gardsmat er gode, lokale råvarer viktig. Her blir både gamle oppskrifter nytta og nye produkt utvikla i steinhuset frå 1700-talet.


Kontakt:

Tjore Gardsmat

v/ Bjørg Skarbø
Sæbøvegen 200
5938 Sæbøvågen
Tlf: 930 96 779/
56 37 12 79

E-post
Facebook
tjoremat.no