Syse Gard - Mat fra vest

Syse Gard

Pålegg, dessertar og lune drikkar

Fruktige freistingar

Plommer, eple og pærer gjev både pålegg, dessertar og lune drikkar på Syse Gard innerst i Hardangerfjorden.

Sidan 2006 har Gro Tveit Uglenes og mannen Hans laga syltetøy og mykje anna godt på garden i Ulvik i Hardangerfjorden. Og like mange år har dei delteke på Matfestivalen i Bergen.

– Matfestivalen er alltid eit høgdepunkt for oss. For kvart år har vi fått ein stadig større krets av kundar som besøkjer standen vår i Bergen og heime på gardsutsalet år, og det er stor stas, fortel Gro.

Noko for ein kvar smak

Produktsortimentet er breitt, og inneheld både frisk frukt, syltetøy, hermetisert frukt og mos, med flere sortar av plommer, pærer og eple i botnen.

– Det er stor skilnad på smakane på dei ulike sortane av til dømes plomme, så her kan alle finne sin favoritt. Edda er god og mild på smak og kan gjerne etast ferske slik dei er. Opal og Mallard er fine å både sylte og hermetisere, medan Avalon, som er meir syrleg på smak, finn du spesielt i syltetøyet vårt, forklarar Gro.

Det er ikkje berre søte pålegg og dessertar som blir laga på garden. Av eple og pære lagar dei chutney, som med friske smakar av både frukta si sødme og ulike typar krydder er eit spanande tilbehør til blant anna kjøtrettar.

Levande gardsmiljø

Til festivalen tek dei med seg ferske plommer og eple, og ikkje minst noko å leske strupen med.

– Eplemosten er frisk og god til ein varm sommardag. Litt seinare på hausten, når dagane blir kjøligare, kan ein eplegløgg med mandlar og rosiner vera tingen, utdjupar Gro.

Gardsutsalet i Ulvik er opent stort sett året rundt, med sesongferske varer. Her kan du bestille ulike produkt av lammekjøt frå eigne lam som er foredla på garden.

– Vi er opptekne av å ha ein levande gard, og å vise kva den flotte naturen rundt oss på Vestlandet kan by på av både mat og drikke. Produkta våre finn du i ulike gardsrestaurantar, på butikkar og regionen, men for å få dei aller ferskaste og beste varane er gardsutsalet på Syse Gard plassen å leite, forsikrar Gro. 

Syse Gard

  • Plommer, eple og pærer gjev både pålegg, dessertar og lune drikkar på Syse Gard inst i Hardangerfjorden.


Kontakt

Syse Gard

5730 Ulvik
Tlf: 56 52 60 01 / 416 49 906

E-post
sysegard.no