Svanøy Røykeri - Mat fra vest
Marknader vi skal på i sommar/haust er:
 
13.juni: Bondens Marked/ Torgdag Bergen
20.juni: Laksens dag, Florø
8.august: Fjordsteam, Florø
15.august: Eikefjorddagane, Eikefjord
22.august: Godt i Gapet, Florø
29-30 august: Kjerringtorget, Nesbyen

Marknader vi skal på i sommar/haust er: 13.juni: Bondens Marked/ Torgdag Bergen 20.juni: Laksens dag, Florø 8.august: Fjordsteam, Florø 15.august: Eikefjorddagane, Eikefjord 22.august: Godt i Gapet, Florø 29-30 august: Kjerringtorget, Nesbyen

Svanøy Røykeri

Høgkvalitetslaks som nesten smeltar på tunga

Røykelaks på gamlemåten

Svanøy Røykeri følgjer laksen sin frå oppdrett til ferdig røykelaks. – Resultatet er høgkvalitetslaks som nesten smeltar på tunga, lovar dagleg leiar Gro Sveen.

Familieverksemda Svanøy Røykeri starta i 1992, men lakseoppdrett har dei drive med på øya utanfor Florø sidan 70-talet.

– Vi har stolte tradisjonar, og er opptekne av å produsere røykelaksen på gamlemåten. Vi brukar berre Superior-laks, som er det beste ein kan få. I tillegg gir bål av friske einer frå skogen den ekte, røykte smaken. Ved å ha kontroll på laksen frå han er 70 gram til han er ferdigrøykt, kan vi garantere eit førsteklasses produkt, fastslår Gro.

Respekt for fisken
Ho poengterer at fisken blir filetert for hand og får varsam handsaming, noko som bidreg til det gode resultatet. Heile produksjonsprosessen tek fem dagar. Etter at laksen er røykt og tørka på tradisjonelt vis, vert han marinert.

– Vi har ei mange ulike produkt å velje mellom, blant anna fisk som er akevittmarinert, kvitlauksmarinert, cognacmarinert, porsmarinert og sjølvsagt den klassiske røykelaksen, fristar Gro. 

Salsauke
I 2013 produserte Svanøy Røykeri 14 tonn røykelaks, som gjekk til butikkar, restaurantar og privatpersonar over heile landet.

– På Bergen Matfestival stiller vi med alle røykelaksvariantane vi har, og kan i tillegg by på gravlaks og varme laksekarbonadar, inviterer gladlaksen Gro. 

Svanøy Røykeri

  • Svanøy Røykeri følgjer laksen sin frå oppdrett til ferdig røykelaks. – Resultatet er høgkvalitetslaks som nesten smeltar på tunga, lovar dagleg leiar Gro Sveen.
  • Familieverksemda Svanøy Røykeri starta i 1992, men lakseoppdrett har dei drive med på øya utanfor Florø sidan 70-talet.


Kontakt:

Svanøy Røykeri

6914 Svanøy
Sogn og Fjordane
Tlf: 57 74 71 02

E-post
Facebook
svanoylaks.no