- Kortreist kvalitetslam
Då mobilslakt kom på banen, starta seks sauebønder eige produksjonsselskap. Med samarbeid og dyrevelferd i alle ledd, har dei skapt unike kvalitetsprodukt.
Evelyn Sommer er dagleg leiar i produksjonsverksemda, som i dag ber namnet Strilalam. Ho fortel om ei skikkeleg suksesshistorie.
– Vi vart nyfikne på å prøve mobilslakt då det siste slakteriet i Hordaland vart lagt ned. Det fyrste året, 2006, slakta vi 50 dyr, og sidan har det berre balla på seg. I 2009 hadde etterspørselen vorte så stor at vi måtte avgjera om vi verkeleg ville satse. Dermed bygde vi eige produksjonslokale og gardsbutikk på Algrøy, fortel Sommer.
– Unik produksjon
Strilalam består i dag av seks sauebønder frå Sotra, som foredlar kjøtet frå eigne dyr. Sidan oppstarten i 2006 har dei saman lagt ned tallause dugnadstimar, og produserte i 2012 heile 12 tonn lammekjøt i alle freistande variantar.
Sjølv om produksjonen er høg går ikkje det utover kvaliteten, forsikrar Sommer.
– Vi tek dyrevelferd og kjøtkvalitet på alvor. Vi har dyr som er oppvaksen på saftige kulturbeite, og som blir møtt med kjærleik frå fyrste stund. Ved å ta hand om dei frå fødsel til slakt og ferdig produkt får vi ein unik produksjon.
Stressfritt
– Ved å slakte dei heime unngår vi i tillegg lang transport og oppstalling i ukjent miljø, med det stress det påfører dyret. Vi modnar produktet på den gamle måten, ved å la dyrekroppen hengje i kjølerom med låg temperatur før den blir delt opp. Då får vi fram eit smakfullt produkt som smeltar i munnen, utdjupar Sommer.
Resultatet er fenalår, spekepølse, pinnekjøt og mykje anna godt, samt flotte lammeskinn. Butikken på Algrøy er open kvar laurdag, og kvar dag i høgsesongen om hausten. Produkta kan òg lagast på bestilling.
Gunnar Nagell Dahl,
Festivalsjef
Telefon 55572150
Mobil 95 11 84 90
E-post gnd@fmho.no
Copyright © 2014
All rights reserved