Strandkaien Fisk - Mat fra vest

Strandkaien Fisk

Flust av heimelaga fiskerettar og reinskåre fisk

Klippekort på klippfisk

Hos Strandkaien fisk er fleire av kundane så hyppig innom at dei kunne hatt klippekort. Dagleg leiar Eirik Sundal er på fornamn med mange av dei.

I butikken til Eirik Sundal er det flust av heimelaga fiskerettar og reinskåre fisk. Frå verksemda i sentrum har han servert godbitar frå havet sidan 1996.

– Men eg har arbeidd endå lenger innan faget, ettersom eg starta å jobbe med ferskvare allereie i 1987. For meg har arbeidserfaring vert meir lærerikt enn kva noko skule kunne tilby, seier Sundal.

Viktig med tillit
Blant medarbeidarane hans er det òg mange med lang fartstid innan faget. Storparten av dei som vart tilsett i si tid, har likt seg så godt at dei har blitt verande.

– Like lojale som dei tilsette er mange av kundane våre òg. Det gjer at vi er på fornamn med fleire av dei, smiler butikksjefen.

– Filosofien min er at det er dårleg butikk om eg berre skal selje ein fisk til kvar bergensar. Å handle fisk handlar om tillit. Når kunden veit at dei får kvalitetsfisk kvar gong dei kjem til butikken vår, ser eg dei kome tilbake igjen og igjen.

– Eit kvalitetsstempel
På Bergen Matfestival kjem butikken til å selje klippfisk og heimelaga silderettar, i tillegg til andre heimelaga delikatessar.

– Hadde vi hatt større lokale kunne butikken seld betrakteleg meir fisk enn kva vi gjer i dag. Etterspørselen etter produkta våre er i alle fall til stades. Det må vere det beste kvalitetsstempelet vi kan få, seier Sundal nøgd.

Strandkaien Fisk

  • Hos Strandkaien fisk er fleire av kundane så hyppig innom at dei kunne hatt klippekort.
  • Dagleg leiar Eirik Sundal er på fornamn med mange av dei.
  • I butikken til Eirik Sundal er det flust av heimelaga fiskerettar og reinskåre fisk.
  • Frå verksemda i sentrum har han servert godbitar frå havet sidan 1996.


Kontakt:

Strandkaien Fisk

Strandkaien 18
5013 Bergen
Tlf: 55 23 07 30

E-post
Facebook