Steinstø Fruktgard - Mat fra vest

Steinstø Fruktgard

Morellar og jordbær, gamle eplesortar, kaker, lefser og chutney

Frå eplemost til hardangerkling

Steinstø Fruktgard i Hardanger sel alt frå morellar og jordbær, til gamle eplesortar, kaker, lefser og chutney. Suksessoppskrifta er eit mangfald av naturleg snaddermat, servering til gards og direktesal til kunden.

Like ved riksveg 7, turistvegen gjennom Hardanger, ligg Steinstø Fruktgard, omlag ein halvanna time frå Bergen. Ved gardsbruket er det no niande generasjon som arbeider med frukt og bær.

– I dag står det 3 500 frukttre på bruket, som kvart år resulterer i omlag 60 tonn med frukt og bær. Lista over produkt er lang. Vi vidareforedlar frukta og bæra til syltetøy, eplekaker, eplemost, eplejuice, gelear og chutney, fortel Heidi Steinstø Helgheim.

På garden bur fruktbonden Ola Steinstø og sambuar Ruth. Heidi, syster til Ola, driv kafeen og gardsrestauranten. Ho foredlar òg frukt og bær som vert produsert på garden. Faren deira, Arnvid, er pensjonert, men likevel dagleg med i drifta.

Har eigen gardsrestaurant

I tillegg til å delta på Bondens Marked og Bergen Matfestival, har garden eit eige fruktutsal og ein kafé, som går under namnet «Steinstø Frukt- og Kakebu». Denne har ope frå juni til og med september.

– Her kan du nyte vår «verdskjende» eplekake, tradisjonslefsa hardangerkling, eller andre heimelaga smårettar, med ein praktfull utsikt med Hardangerfjorden og Folgefonna i himmelsynet. I gardsutsalet vegg i vegg, er det høve til å kjøpe frukt og bær frå garden, eigeprodusert syltetøy og bakverk, samt andre gardsmatprodukt, fortel Helgheim.

Oppe i gardstunet ligg serveringslokalet Kjedlaren med sitjeplass til 60 personar innomhus. Her kan grupper booke seg plass heile året. Steinstø fruktgard tilbyd også omvising i frukthagen med påfølgjande servering av lunsj eller kake og kaffi. Sidersmaking er også ein populær aktivitet.

Vidarefører gamle fruktsortar

Det spesielle for Steinstø Fruktgard, meiner Heidi, må vere den store spennvidda dei har på produkta, samt at kunden kan kjøpe frukt som ikkje er tilgjengeleg andre stader.

– Visynest det er viktig å ta vare på dei gamle fruktsortane, slik som Gråpære, Herrepære, Deolin-plommer og Filippa-eple. Samstundes plantar vi nyare sortar som til dømes Elstar, seier Helgheim.

Steinstø Fruktgard dyrkar 25 ulike sortar eple og 15 ulike plomme- og pæresortar. Desse er modne til ulike tider på seinsommar og haust. Slik får kunden alltid frisk og nyplukka frukt, og den sorten dei likar best. I tillegg vert det dyrka jordbær, morellar, bringebær og kirsebær.

Steinstø Fruktgard vann BU-prisen for Hordaland i 2010, og vart i tillegg kåra til årets bedrift i heimkommunen Kvam.

Steinstø Fruktgard

  • Steinstø Fruktgard i Hardanger sel alt frå morellar og jordbær, til gamle eplesortar, kaker, lefser og chutney.
  • Suksessoppskrifta er eit mangfald av naturleg snaddermat, servering til gards og direktesal til kunden.


Kontakt

Steinstø Fruktgard

Fyksesundvegen 768
5612 Steinstø
Tlf.: 922 52 637 /
996 91 527

E-post
Facebook
steinsto-fruktgard.no