Søylands Biegard - Mat fra vest

Søylands Biegard

Smaken av det søte Vestland

Held honninghandverket i hevd

Alf Helge Søyland har bala med bier og honning i over ein mannsalder, og veit difor kva som skal til for å få prima kvalitet i det søte naturproduktet.

– Mykje handlar om erfaring og reinsligheit, men ein får ikkje honningen om ein ikkje eksperimenterer litt for å utvikle produktet, seier Alf Helge Søyland, som bokstaveleg talt har honningproduksjon som ein binæring  til jobben som gartnar ved Arboret på Milde.

Dronningavl
Søyland har hatt birøktarjobben som ei attåtnæring sidan 1989, men har drive med honningproduksjon også før det. Ved sidan av sjølve produksjonen, driv også honningmannen frå Sandnes avl av dronningar for å skape gode stammar.

– Saman med andre entusiastiske birøktarar i Hordaland drive eg profesjonelt dronningavl for å kunne ha lettstelte bier som både godlynte og lite svermevillige. Det er ikkje minst viktig når me flytter på kubane, understrekar birøktaren.

Fangar nektar frå kyst til innland
Og flytter på bikubane gjer Søyland rett som det er i løpet av honningsesongen, som varer frå mai til september.  Biene overvintrar på Milde og får her ein god start på sesongen med trekk på krokus og vårlyng.

– Før mai  kjem vert ein del av biene flytta til Hardanger for fruktpollinering på søtmorell, plommer og epleblom, fortel Søyland.

Her får biene mykje pollen både frå fruktblomar og løvetann som ofte veks mellom fruktrekkene.

– Den fyrste honningen me hauster får ein flott gyllen farge og er populær som heilt fersk, flytande vårhonning frå Hardanger, seier Søyland, som i juni tek med seg biene til Voss på sommartrekk.  

På Voss er det lunt og varmt og mykje villbringebær og kvitkløver kan gi bra med kvit honning.

– «Sommarhonning frå Voss» er ein av dei mest populære honningsortane våre og kan enkelte år gje ein særs edel og tydeleg smak av frisk bringebærhonning, seier Søyland.

I juli tek han med seg alle biene til Sotra og Øygarden for å samle lynghonning.

Milde Spesial
Kvart år slynger birøktaren frem minst fem ulike sortar honning, som han sel på glas. Ein særeigenheit Søyland  har kunne tilby dei siste åra er Milde spesial – ein blandingshonning med dobbel tyding - mild på smak og spesialslynga på Milde.

– Det er oftast  sommarhonning som er blanda med den lettflytande særeigne klokke- og purpurlyngen som  veks langs  kysten vår, avslører universitetsgartnaren.

Honningen frå Søylands Biegard får du både kjøpt i Mildevegen 210 og på Arboretet på Store Milde. Dessutan finn du alltid noko godt frå Søyland midt i Bergen sentrum to laurdagar i månaden - på Bondens Marknad. 

– Me leverer også honning til eit par hotell og ein grossist. I tillegg har ein handfull gardsutsal honningen vår i hyllene, opplyser Alf Helge Søyland.

Søylands Biegard


Kontakt:

Søylands Biegard

Mildeveien 210
5259 Hjellestad
Telefon: 930 55 015

Send e-post

Nettide: http://www.soylands-bigard.no/