Solund Mat - Mat fra vest

SolundMat

Verksemda som støttar lokalsamfunnet

Smak på øyriket Solund

Hågøy Villsaulag ville ta vare på den lokale villsauen og det nedleggingstruga fiskemottaket. Gjennom verksemda SolundMat ville dei gi noko attende til nærmiljøet – og matelskarane.

Med eit utgangspunkt i eit ønskje frå lokalbefolkninga om å ta vare på den lokale villsauen, såg SolundMat dagens lys i 2011. Tilfeldigheitene gjorde at lokale Ytrøy fiskemottak vart lagt ut for sal kort tid etter at verksemda vart etablert. Øyvind Lending i SolundMat ville støtte nærmiljøet, og valet var difor enkelt.

– Ved å kjøpe mottaket fekk vi fleire bein å stå på. I tillegg til ulike produkt av villsauen vår, sel vi klippfisk av lange og blålange. Mykje lagar vi på bestilling, spesielt kjøt som kundane ønskjer å kjøpe tørka, fortel han.

– Som små aktørar er vi veldig fleksible, så om kundane ønskjer det, sender vi gjerne klippfisk i posten.

47 medeigarar i verksemda

Produksjonsmedarbeidar Anne Kristine Dyrdal synest òg det er viktig å gjere ein innsats for nærmiljøet.

– Det er kjekt å kunne arbeide med noko som gjer at vi kan ta i bruk lokale ressursar. Vi likar lokalsamfunnet vårt og ønskjer å drive bygdeutvikling på fleire hald. Å drive verksemda vår er ein del av dette arbeidet, seier Dyrdal.

SolundMat består i dag av 47 eigarar frå lokalmiljøet.

– Ein spesiell spekesmak

På Bergen Matfestival tek verksemda med ulike klippfisk-produkt.

– Fisken blir handsama på den gode gamle måten med lakesalting, tørking over lang tid og langtidslagring på kjølerom. Fordi vi lagrar fisken mellom seks og tolv månader får den ein heilt spesiell spekesmak, fortel Dyrdal.

Positive tilbakemeldingar

Dei fleste er mest van med klippfisk av torsk, men Dyrdal oppmodar alle om å prøve tørka lange og blålange. Til festivalen vil dei òg ha med seg klippfisk av skrei.

– Mange er nok skeptiske, sidan klippfisk av desse fiskeslaga er meir ukjend. Dei fleste som smakar fisken må derimot erkjenne at smaken ikkje står tilbake for klippfisk av torsk, smiler ho.

SolundMat jobbar med å få produkta sine ut i restaurantar og reiser mykje rundt og leverer i Hordaland, Sogn og Fjordane og i Oslo-området.

SolundMat

  • Hågøy Villsaulag ville ta vare på den lokale villsauen og det nedleggingstruga fiskemottaket.
  • Gjennom verksemda SolundMat ville dei gi noko attende til nærmiljøet – og matelskarane.


Kontakt:

 

 

 

 

 

 

 

SolundMat
6927 Ytrøygrend
Tlf. 468 23 316

E-post
Facebook
solundmat.no