Sogn Jord- og Hagebruksskule - Mat fra vest

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Lærer å dyrke og selje grønsaker og frukt

Grønsaker frå jord til bord

Frå frøet går i jorda og inntil grønsakene kjem på fatet lærer elevar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule korleis dei skal dyrke og selje grønsaker og frukt. Dei er sjølvskrivne deltakarar under Matfestivalen.

I ei årrekkje har elevane som går 3. året på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) vore frivillige arbeidarar på Bergen Matfestival, men dei skal òg delta med eigen stand. Ved å la elevane vere med på prosessen frå såing til sal, ønskjer skulen å oppmuntre elevane til å drive med økologisk landbruk.

– Elevane får innsikt i eit veldig vidt spekter av økologisk dyrking av frukt og grønsaker. Enkelt oppsummert kan du sei at dei er med på å dyrke fram alt du kan kjøpe på butikken, med unntak av banan og ananas, smiler lærar og avdelingsleiar for hagebruk, Nathaniel P. Mead.

Les meir om skulen på nettstaden deira

Populær gardsbutikk i Aurland

I tillegg til å dyrke grønsaker har skulen òg eit eige meieri der dei lagar brunost og kvitost basert på ku- og geitemjølk. I Aurland driv dei ein eigen gardsbutikk, som ifølgje Mead er veldig aktiv.

– Her sel vi våre eigne produkt, samt ein del innkjøpte lokalproduserte produkt og frå grossist. Både innbyggjarane i nærleiken og hyttefolk er flinke til å bruke oss. I gardsbutikken har vi òg ein del bøker som tek føre seg lokalhistorie, økologisk landbruk, friluftsliv, foredling, samt nokre barnebøker, seier læraren.

Følg SJH på Facebook

Tre vekers sommarkurs

VG3-elevane ved SJH har i over 20 år starta skuleåret sitt med eitt obligatorisk sommarkurs, som går over tre veker. Kurset gir dei erfaring og praktisk undervisning i drift av produksjonane ved skulen. Her får dei vere med på heile prosessen av dyrkinga, frå frøbestilling i januar, planteoppal tidleg om våren, stell av vekstane i sesongen, innhausting og sal av eigne produkt i møte med forbrukarane.

– No gler vi oss til september og Bergen Matfestival, når vi får høve til å selje dei gode produkta våre. Ikkje minst vil interesserte få høve til å få informasjon om skulen vår, seier Mead.

Sogn Jord- og Hagebruksskule

  • Frå frøet går i jorda og inntil grønsakene kjem på fatet lærer elevar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule korleis dei skal dyrke og selje grønsaker og frukt.


Kontakt

Sogn Jord- og
Hagebruksskule

Skulevegen 24
5745 AURLAND

Tlf. sentralbord:
57 63 26 50

Tlf. gardsbutikk:
57 63 26 61

E-post
Facebook
sjh.no