Smalahovetunet Voss - Mat fra vest

Smalahovetunet Voss

Noregs einaste godkjente storprodusent av smalahove

Smalahove til kvardags og fest

Smalahovetunet på Voss er den einaste godkjente storprodusenten av smalahove i Noreg. Kvart år blir over 70 000 smalahove svidd og selt til heile landet.

Ivar L. Løne, eller Smalahovekongen, som han vert kalla, overtok garden på Voss då han var 13 år. Då hadde han allereie vore med foreldra på arbeid i fleire år og mellom anna lært at ein kan bruke alt på sauen, ikkje berre ull og kjøt frå kroppen.

– I dag er det mange som reknar smalahove som eit festmåltid, men framleis er det vanleg, god middagsmat hos mange norske familiar. Vi svir og sel meir enn 70 000 smalahove kvart år, seier Brit Løne, som er dotter til Ivar.

Treng hjelp frå borna


 

Til matfestival i Bergen kjem Smalahovetunet med årets smalahove, rett frå fjellet. Nokre av dei vil ikkje vere heilt klare til å etast:

– Vi kjem til å svi nokre smalahove på gamlemåten med open eld på standen vår, og inviterer då born og andre interesserte til å vere med og hjelpe. Ein er òg hjarteleg velkomen til å få smaksprøver av produkta våre, seier Smalahoveprinsessa Brit Løne.

Smalahovetunet Voss ser fram til ei ny travel, men veldig triveleg helg under matfestivalen, og ynskjer både store og små velkommen bort til standen sin.

– Og har du ikkje høve til å ta turen til matfestivalen, er du hjarteleg velkommen til gardsbutikken vår heime på Voss, inviterer Brit.

Postmenn med sauehovud

Familieverksemda starta som så mange andre med å lage maten til seg sjølv, før dei starta å selje til naboar, vener og så butikkar på Voss. I dag sel Smalahovetunet produkta sine over heile Noreg, både gjennom dagligvarebutikkar og frå nettsida si.

– Vi sender hundrevis av produkt via Posten kvar måndag. Då bruker varene kortast mogleg tid frå oss til kunden, og blir heller ikkje liggande på eit postkontor i helga, smiler Brit.

Det er heller ikkje berre smalahove postmenn ber med seg rundt i Noreg.

– Vi sender eldhusrøykt smalahove, eldhusrøykt pinnekjøt, salta og tørka pinnekjøt, lønekorv, rullepølse og lønerull til butikkar, kafear, resturantar og privatpersonar over heile landet, seier Brit, og påpeiker at dei òg sel bestikk og glas med smalahovemotiv.

Festmåltid i flott atmosfære

På Løno Gard har Smalahovetunet servering med alle løyver, og legg til rette for julebord, firmafestar og andre sosiale arrangement heile året. Dei tre lokala, Stabburet, Grindabygget og Laoen, har plass til alt frå éin til 200 personar.

– Vi byr på eit godt, tradisjonelt festmåltid i flotte omgjevnader med høve for underhaldning. Når alle er vel forsynt med middagen får dei omvising i produksjonslokala, der vi viser korleis smalahove vart svidd i gamle dagar, og korleis vi gjer det no, fortel Brit.

Sjå Geir Løne, bror til Brit, gje ei omvising i produksjonslokala:

Smalahovetunet Voss

  • Smalahovetunet Voss er ei familieverksemd som produserer smalahove og pinnekjøt for sal heile året.
  • Det er mogleg å bestille produkt via nettsida, eller du kan vitje Smalahovetunet utanfor Voss for å handle eller ete.
  • Her kan ein få servert smalahove, pinnekjøt, rømmegraut, spekemat, flatbrød og alt som høyrer til, etter avtale.

Kontakt:

Ivar Løne AS
Smalahovetunet
Strandavegen 789
5710 Skulestadmo
Tlf: 56 51 69 65

E-post
Facebook
smalahovetunet.com