Skogheim Kystvilt - Mat fra vest

Skogheim Kystvilt

Alt frå hjorteburgerar til blåbærpølse av hjort

Godt hjort i Fjaler

Bjarte Midtbø skaut sitt første dyr då han var 16 år. Med verksemda Skogheim Kystvilt sørgjer han for at fleire får sette tenna i alt frå hjorteburgerar til blåbærpølse av hjort.

Innehavaren av verksemda Skogheim Kystvilt kan skryte på seg over 40 år med erfaring frå hjortejakta. Då han skulle ta over gardsbruket heime i Fjaler kommune var det difor naturleg å satse på hjortekjøt.

– Gardsbruket ved Skogheim hadde vore nedlagd i 30 år då eg starta opp att drifta. Ein del av tanken var at eg ville leggje til rette for gardsdrift for komande generasjonar, seier Midtbø.

Ramslauk og akevitt
Gardbrukaren er stolt over produkta han sel, og kan vise til produksjon av alt frå biffar og filetar til burgerar og pølser.

– Det mest populære produktet er nok spekehjarte og spekekjøt, men eg sel òg mykje av dei litt meir spesielle produkta mine, seier han og viser til pølseproduksjonen sin.

– Eg har sjølvsagt den klassiske spekepølsa, men eg lagar òg pølser med smak av raudvin, blåbær, ramslauk og akevitt. Smakar som få andre kombinerer med hjort.

– Vill hjort er best
Midtbø er ikkje i tvil om at ein kjenner store skilnader på smaken mellom villhjort og oppdrettshjort.

– Villhjorten finn maten sin frå kysten og fjellet, og dette kjenner ein att i smaken. Ikkje minst er kjøtet sunt og inneheld omega-3. Hjortekjøtet er utan tvil på høgde med kjøt frå rein og elg, seier den erfarne hjortejegaren og leggjer til:

– No ser eg fram til Bergen Matfestival. I september startar nemleg hjortejakta, noko som tilseier at kjøtet eg sel vil vere blodfersk. 

Skogheim Kystvilt

  • Bjarte Midtbø skaut sitt første dyr då han var 16 år.
  • Med verksemda Skogheim Kystvilt sørgjer han for at fleire får sette tenna i alt frå hjorteburgerar til blåbærpølse av hjort.


Kontakt

 

 

  

 

Furuset i Fjaler
6964 Korssund
Tlf: 57 73 77 96/
57 73 76 45

Mob: 977 18 528 /
951 41 670

E-post
Facebook
kystvilt.no