Skjold Bigard - Mat fra vest

Skjold Bigard

Smaken av ein vårdag ved fjorden

Gylne freistingar frå bi-beite

Honningen frå Skjold i Øygarden kan smake som ein vårdag ved fjorden med frukttre i full blom, eller ein varm seinsommardag i lyngheiene ute i havgapet.

Nesten ytst i havgapet, på Tjeldstø i Øygarden i Nordhordland, driv Råmund Skjold og kona Annlaug gard med både store og små husdyr. I tillegg til å drive sauehald har dei 30 bikubar, og produserer og sel fleire typar honning. 

Bie-gjetaren

Honningen frå Skjold er likevel ikkje heilt som andre typar honning. Råmund legg nemleg mykje i det å være røktar.

– Frå kubane rundt garden får vi lynghonning, kor biene hentar nektar frå Tjeldstadmarka Naturreservat. Om våren flyttar vikubane til Kvam og Øystese i Hardanger. Her leiger fruktbøndene kubane for å få pollinert fruktblomane. I starten av juni flyttar vi så kubane til Voss og Fana, kor det er frodig og flott og biene kan kose seg med nektar frå villbringebær. Her får vi sommarhonningen vår, forklarar Råmund.

– Enkelte år har vi òg klokkelynghonning, avhengig av vêret, legg han til. 

Kvalitetsprodukt
Det å drive småskalaproduksjon av honning ser Råmund på som ein fordel. Då har ein god kontroll på heile produksjonsprosessen, og kvaliteten på honningen blir høg.

– Vi følgjer biene tett gjennom heile sesongen, og kan difor seie nøyaktig kor honningen kjem frå. Honningen blir henta på lyse, fine tavler, og går så gjennom skånsam etterbehandling, kor vi slyngjer, silar og tappar for eiga maskin. I motsetnad til mykje av honningen du kjøper i butikken, blir ikkje vår honning varmebehandla. Det meiner eg gjer honningen endå betre, utdjupar Råmund. 

Honning i blodet
På garden er ikkje bierøkt noko nytt fenomen. Råmund arva interessa for naturens gull frå far sin, som starta opp med bierøkt allereie på 70-talet.

– Det å gjere nytte av naturen rundt deg gjennom å drive gard og produsere mat på eiga hand, tykkjer eg er utruleg spanande og ikkje minst meiningsfullt arbid. Birøkt er ein bærekraftig måte å hauste ein naturressurs på, seier han.

– Dessutan er det veldig kjekt å ha møteplassar som Matfestivalen, kor ein kan kome i kontakt med både kundar og andre produsentar. Det er noko vi ser fram til gjennom heile året, legg Råmund til.

Skjold Bigard

  • Honningen frå Skjold i Øygarden kan smake som ein vårdag ved fjorden med frukttre i full blom, eller ein varm seinsommardag i lyngheiene ute i havgapet.


Kontakt:

Skjold Bigard

Råmund Skjold
Øygarden
Tlf: 413 69 187 / 56 38 94 81

E-post