Rosendal Gardsmat - Mat fra vest

Rosendal Gardsmat

 Held tradisjonen i hevd

Tradisjonspølse med utsikt

Den vidt kjende Sundepølsa fekk nytt liv i vakre Rosendal i Hardanger for tolv år sidan. I dag er den meir populær enn nokon gong, og kan til og med nytast med ekte, adelege rammer.

Ein tidleg vårdag i 2001 oppdaga Åshild Mehl ein annonse i avisa. Den legendariske Sundepølsa frå Sunde i Sunnhordland var til sals, etter over 60 års produksjon.

Det skulle vise seg på bli starten på verksemda som i dag heiter Rosendal Gardsmat.

– Eg tok kontakt med Lars Olsen som hadde produsert Sundepølsa sidan andre verdskrig, og fekk til ei avtale. Etter fire rundar med opplæring vart det klart at eg skulle overta produksjonen og flytta ho heim til garden vår i Rosendal, fortel Mehl.

Den grove kjøttpølsa hadde frå før av eit solid renommé. Då det vart kjend at produksjonen likevel ikkje skulle leggjast ned, slik mange frykta, gjekk det ikkje lenge før bestillingane byrja å renne inn.

Held tradisjonen i hevd

Med god hjelp av mannen Oddvar som pølse- og rekneskapsassistent, og sønene som mekanikarar, produserer Åshild 20 tonn pølse i året i produksjonslokalet heime på garden. Og det under same namn og same tradisjon som då pølsa såg dagens lys.

– Sundepølsa har ei særskild oppskrift, og den har eg aldri endra på. Eg set høge krav til gode råvarer av storfe- og svinekjøt og den har ingen kunstige tilsetningsstoffar. Slik får pølsa god og jamn kvalitet, forklarar ho.

Kvaliteten blir sett pris på, bokstaveleg talt. I 2008 vart Sundepølsa kåra til årets produkt under Matfestivalen i Bergen, og i 2008 og 2010 kvalifiserte pølsa seg til landsfinala i Det norske måltid.

Et pølse som ein baron

Pølsa er i dag å få kjøpt på utvalde stader i heile Hordaland, og kan sendast med posten til resten av landet om ønskjeleg. Særleg som julemat er den populær. I tillegg kan den nytast i heilt spesielle omgivnader heime i Rosendal.

– Baroniet Rosendal har Sundepølsa på menyen, og det er kjempepopulært for besøkande. I tillegg kan servitørane fortelje historia rundt pølsa og kan til og med peike bort på produksjonslokalet, sidan garden vår ligg like ved baroniet. Det tykkjer gjestane er stor stas, fortel Mehl.

Rosendal Gardsmat

  • Sundepølsa vart i 2008 kåra til årets produkt under Matfestivalen i Bergen, og i 2008 og 2010 kvalifiserte pølsa seg til landsfinalen i Det norske måltid.
  • Pølsa er i dag å få kjøpt på utvalde stader i heile Hordaland, og kan sendast med posten til resten av landet om ønskjeleg.
  • Les mer på www.rosendal-gardsmat.no


Kontakt:

Rosendal Gardsmat

v/ Åshild Mehl
Baronivegen 49
5470 Rosendal
Tlf.: 53 48 18 83 / 416 54 608

E-post
rosendal-gardsmat.no