Ringnes - Mat fra vest

Ringnes

– Norges største bryggeri

Nyskapande øltradisjonar

I 2013 presenterte Ringnes nyhende som glutenfri pils, alkoholfri bayer og ein norskamerikansk dobbelbokk. Slik held dei stolte tradisjonar med innovasjon og globalt samarbeid i hevd.

– Vi har jobba intenst for å få til eit øl som passar med ein glutenfri diett og som samstundes smakar som vanleg øl, seier Tore Hage, utviklingssjef i Ringnes, og påpeiker at Ringnes Lite per 2013 er det første og eineste norskproduserte glutenfrie ølet.  

Bryggerimester Garrett Oliver frå Brooklyn Brewery med appelsinskal til brygging av spesialøl. Han reknast som ein av verdas leiande bryggeri- og ølekspertar.

Bryggerimester Garrett Oliver frå Brooklyn Brewery med appelsinskal til brygging av spesialøl. Han reknast som ein av verdas leiande bryggeri- og ølekspertar.

For å få fram det glutenfrie Lite-ølet jobba Ringnes tett med Norsk cøliakiforening med mål om å skape eit godt øl som tilfredsstiller absolutt alle krav, og som i tillegg har mindre karbohydratar og mindre kaloriar enn vanleg pils.

Suksess med sunnare øl

– Veksten på Lite-øl er eit særs godt døme på at forbrukarane ønskjer sunnare alternativ, og betre smak på alkoholfritt øl har derfor vore ein annan tidsriktig innovasjon, påpeiker Hage.

Alkoholfritt øl inneheld 30 til 50 prosent mindre kaloriar enn vanleg pils, noko dei fleste ikkje er klar over, forklarar utviklingssjefen. 

– Våre alkoholfrie ølsortar har vorte veldig populære. Både Munkholm med betre smak, Munkholm Fatøl og Munkholm Bayer, fortel han.

At Ringnes brukar kjente merkelappar for ølsortar, som Fatøl og Bayer, på desse alkoholfrie øla skal gjere det enklare for forbrukarane å forstå korleis øla smakar.

– Då kan dei forstå kva slags smaksretning dei kan forvente av øl dei får i alkoholfri versjon. Dette er spesielt viktig for forbrukarar som ikkje er «ølekspertar» og som treng tydeleg kommunikasjon som gjer det enklare for dei å kjøpe den ølen dei likar, seier Hage.

Ringnes

  • Ringnes Bryggeri vart grunnlagt i 1876 av brørne Amund og Ellef Ringnes, i samarbeid med Axel Heiberg.
  • Brørne var allerie då opptekne av innovasjon og utvikling.
  • Ringnes er i dag Norges største bryggeri med sterke merkevarar innanfor øl, brus og vatn.
  • Selskapet har rundt 1400 tilsette fordelt på fire produksjonsanlegg og fleire sals- og distribusjonsterminalar.
  • Ringnes leverer cirka 400 millionar liter drikkevarer i året, fordelt på over 70 ulike produkt.
  • Les meir på www.ringnes.no

Kontakt

Ringnes bryggeri

Thorvald Meyersgate 2
0555 OSLO
Sentralbord: 08852

E-post
Facebook
ringnes.no