Reint Digg - Mat fra vest

Reint Digg

Digg økologi frå Vestlandet

Set reint digg på dagsorden

Med Facebook-sida «Reint Digg» vil Fylkesmannen i Hordaland setje søkjelys på økologisk vestlandsmat. – Det er flust av gode produkt, og dei ønskjer vi at fleire skal få oppleve, seier Bastian Hoffmann.

Ifølgje rådgjevaren på landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen er det nok av gode grunnar til å ete meir økologisk mat. Og veit ein kvar ein skal gå for å handle, er det ikkje vanskeleg å finne fram til dei gode, naturlege smakane.

Opplev digg økologi frå Vestlandet

– Ein del synest økologisk mat smakar betre, og på nokre område har denne maten ein dokumentert god helseeffekt. Til dømes har økologisk mjølk ein sunn samansetnad av feitt, meir tørrstoffinnhald i grønsakene, endå større utval av sortar og smakar, fortel Hoffmann og held fram:

– Eit dyrehald som gir dyr høve til naturleg åtferd gir forbrukaren godt samvit og ei betre smaksoppleving. På toppen av alt dette er denne forma for gardsdrift òg meir miljøvenleg under produksjon, seier Hoffmann.

Klikk innom Facebook-sida deira her

Lett å dele

Kampanjen er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Njøs Næringsutvikling. Utgangspunktet for å ha marknadsføringa på Facebook kom av at dei ville gjere det enkelt å dele informasjonen.

– Vi ville gjere informasjonen enkel å dele, samt å senke terskelen deira for å ta kontakt med økologiske aktørar, samt andre som er interesserte i økologisk mat. Målet vårt er å gjere denne maten meir synleg for folk flest, seier Hoffmann.

Kampanjen har òg fått sin eigen maskot, som har fått det passande namnet Gard.

Utstillingsvindauge for økologisk mat

Internettkampanjen har vorte godt motteke dei to siste åra og har no fått Njøs Næringsutvikling inn som ny aktør, som skal drive kampanjen på vegner av Fylkesmannen. Tanken er at kampanjen no skal bli endå sterkare forankra blant aktørane, samt få ei meir tidsaktuell vinkling og utforming.

– Kampanjen skal vere ein informasjonsportal for Sogn og Fjordane og Hordaland, med målet å syne kor spanande utviklinga er innan økologisk matproduksjon her på Vestlandet, fortel Hoffmann.

– Målet vårt er ikkje at alle skal ete 100 prosent økologisk mat heile tida, men at fleire får lyst til å tilføye denne maten til det eksisterande kosthaldet sitt.

– Prøv smoothie-sykkelen

Under Bergen Matfestival kjem Reint Digg, saman med Barnas Matfestival, til å gi informasjon til forbipasserande.

– I tillegg skal vi vise fram produkt og tilby fleire spanande aktivitetar. Til dømes blir det truleg aktuelt å ha med seg bondesjakk i stort format, gummijur til mjølkekonkurranse, samt ein smoothie-sykkel. Sistnemnde gjer det mogleg for deg å sykle deg til ein forfriskande smoothie, seier Hoffmann.

Oikos Vest kjem til å vere standansvarleg og informere om økologi på Vestlandet samt stille med lekre råvarer og smaksprøver.

Reint Digg

  • Med Facebook-sida «Reint Digg» vil Fylkesmannen i Hordaland setje søkjelys på økologisk vestlandsmat.
  • Det er flust av gode produkt, og dei ønskjer vi at fleire skal få oppleve, seier Bastian Hoffmann.


Kontakt

 

 

 

 

 

 

 

 

Bastian Hoffmann
Tlf. 410 34 096

E-post
Facebook