Reindyrka - Mat fra vest

Reindyrka

Økologisk mathandel med alt frå plommer til kveitemjøl

Reindyrka idealisme

Mathandelen Reindyrka har gitt kundane sine varer som er gode for helsa, miljøet og dyrevelferden sidan 2010. No håpar eigarane Anne-Line og Anja at fleire skal oppdage den økologiske butikken deira.

I Christian Michelsens gate 1, like ved Svaneapoteket, finn du Reindyrka. Ein økologisk mathandel som sel alt frå plommer og pærer til kveitemjøl og kylling. Alt du finn i hyllene kan du handle med godt samvit.

– Kundane våre handlar her av ulike grunnar. Nokre fordi dei tenkjer på eiga helse, nokre fordi dei tenkjer på eit berekraftig landbruk eller dyrevelferd. Sjølv starta vi butikken av alle desse grunnane, samt at vi ønskjer å gjere produkta til vestlandsbøndene tilgjengeleg for fleire, ettersom mange av småskalaprodusentane er for små til å bli tatt inn hos større daglegvarebutikkar, seier Anja Eilertsen.

Hausten 2013 hadde butikken varer frå 25 produsentar frå Vestlandet, i tillegg til minst like mange produsentar frå resten av landet. Ifølgje eigarane har dei truleg byens største utval av økologisk frukt og grønsaker.

Tenkjer på dei komande generasjonane

Den økologiske butikken har vore til stades i Bergen sentrum sidan 2010, og får stadig fleire stamkundar og nye kundar som kikkar innom.

– Likevel trur eg det er mange bergenserar som framleis ikkje veit at vi eksisterer. Ved å delta på Bergen Matfestival håpar vi at fleire skal oppdage oss, smiler Anne-Line Randal.

På Matfestivalen kjem Reindyrka til å ha ein bod der dei viser fram eit utval av varene sine.

– Vi driv denne butikken hovudsakleg ut frå idealisme, ettersom vi dei første åra har tatt ut svært lite løn. Ein berekraftig matproduksjon er viktig – vi må passe på miljøet for dei som kjem etter oss, seier Anja.

 

Frå stamkunde til medeigar

Forteljinga om Reindyrka sitt opphav inneberer òg ein stamkunde. Ideen om den vesle butikken med det store utvalet vart nemleg til hjå ein annan butikk i Bergen.

– Eg var ein flittig kunde hos Helios, like ved Fløibanen, der Anja arbeidde. Då Helios gjekk konkurs, ville vi starte eit tilsvarande tilbod. Bergen måtte jo ha eit tilbod der dei kunne handle økologisk mat – så då slutta eg i jobben min på apoteket og slo meg saman med Anja, seier Anne-Line.

Reindyrka

  • Mathandelen Reindyrka har gitt kundane sine gode varer for eiga helse, miljøet og dyrevelferd sidan 2010.
  • Opningstider:
  • Måndag - fredag: 09-18
  • Laurdag: 10-17


Kontakt

Reindyrka

Christian Michelsensgt 1
5012 Bergen

E-post
Facebook
Twitter
reindyrka.no