Prestholt Geitost
Me er ein familie som lever av geitostproduksjon.
Flytta til Hol i 1989 og tok med oss geitene over fjellet fra Osterøy. Stølen Prestholt ligg ved foten av Hallingskarvet på 1250 m.o.h. Der har geitene store vidder til å beite på i høgfjellsterreng.
Dei første åra laga me ost berre om sommeren på Prestholt. Det har blitt utvida til heilårsproduksjon etter at me bygde nytt ysteri på gården Rudningen som Prestholt høyrer til. Me har no over 200 melkegeiter. Lager brun og kvit geitost. Den brune fekk gull i norgesmesterskap i lokalforedla mjølkeprodukt 2015.
Nytter og alt kjøttet fra kjea og geitene. Selger både ferskt og frossent kjekjøtt. Geitekjøttet går mest til spekepølser.
Me er no Kjersti og Reidar Stenberg og vår sønn Tim Reidar som er utdanna kokk og konditor. Produksjon av den brune osten har vert i familien i fleire generasjoner på Osterøy før me flytta hit.
Me selger ost og kjøtt på Bondens marked og matfestivaler. Går og ein del til lokale butikkar.