Påldtun frukt og bær - Mat fra vest

Påldtun frukt og bær

– Set barndomsminne på flasker og glas

Fruktdebutanten frå Gloppen

På garden Påldtun i Nordfjord legg Veronica Hauge barndomsminner på flasker og glas etter oppskrift frå mor si heimelaga saft og bestemor sitt syltekott.

Påldtun frukt og bær lagar saft og syltetøy av råvarer frå eigen gard og andre lokale fruktbønder. Alle produkta er 100 prosent heimelaga og utan kunstig tilsetjing.

– Eg prøver å ta vare på dei gode gamle tradisjonane som folk hugsar, samstundes som eg eksperimenterer meg fram med smakstilsetjing av til dømes kanel- og vaniljestang, seier fruktbonden frå Gloppen i Sogn og Fjordane.

Liten no, men skal bli større

Påldtun frukt og bær er ei attåtnæring til småbruket til Veronica Hauge. Ho starta opp i liten skala i 2012, men håpar etterkvart at produksjonen skal auke naturleg etter at produkta hennar vert kjend på marknaden.

– Eg synes det er utruleg spanande å vere fruktbonde. Samstundes ser eg at etterspørselen etter sylta og hermetisert frukt er stor. Dei siste åra har folk blitt meir interessert i sunn, kortreist mat, seier Veronica.

Utvidar produksjonen

Frå småbruket heilt nede ved fjorden i Gloppen kommune gjer ho seg no klar til årets Bergen Matfestival. Per i dag leverer dei til butikkar i Sogn og Fjordane, men selskapet har eit ønskje om å levere utanom fylket etter kvart som produksjonen vert større. I tillegg er dei på Bondens marked i Sogn og Fjordane ein gong i månaden.

– I desse dagar flyttar vi inn i eit større produksjonskjøken på garden, noko som vil gjere drifta vår meir effektiv. Etterkvart som produksjonen aukar er målet å utvide til fleire butikkar utanom fylket, smilar fruktbonden.

Påldtun frukt og bær

  • Påldtun tilset ein stor dose kjærleik og litt krydder i produkta sine, for best å kunne gi deg ei god matoppleving basert på dei gode gamle tradisjonane innan vidareforedling av frukt og bær.
  • Verksemda held til på ytre Hauge i Gloppen kommune. Her leggjast sesongens gode frukt og bær på glas og flasker.
  • Har sesongope gardsutsal og leverer varer til butikkar i Sogn og Fjordane. Er òg på Bondens marked i Sogn og Fjordane ein gong i månaden.
  • Les meir på Påldtun si nettside.


Kontakt

 

 

 

 

Veronica Hauge
Ytre Hauge
Nordstrandsvegen
6823 Sandane
Tlf.: 412 06 016

E-post
Facebook
paaldtun.no