Osteriet i Samnanger - Mat fra vest

Osteriet i Samnanger

Har skapt sin eigen fulltidsjobb

Fann nisje med ku- og sauemjølk

Etter 17 år utanlands og utan erfaring med handverket frå før av, flytta Bente Getz til Samnanger for å starte eige osteri. Produkta kallar ho opp etter naboane sine.

Då Bente Getz flytta heim til bestemora sin gard for å starte verksemd mynta på ku- og sauemjølk, trudde folk ho var galen. Men med tre kyr av typen Norsk Jersey og åtte østfrisiske mjølkesauar til gards, har ho skapt sin eigen fulltidsjobb med verksemda Osteriet i Samnanger.

– Av ku- og sauemjølka lagar eg blant anna verdas beste ostekake, urtedip-ost, mjølkesyltetøy, chilisyltetøy, yoghurt, kvitost, Samnanger Karamell og ostepai. Ein må ta i bruk det ein har tilgjengeleg, seier Getz.

Sjølvlært osteri-eigar
Då ho starta si eiga verksemd, hadde ho ikkje tidlegare erfaring med det som i dag er levebrødet hennar.

– Ein kan lære seg det mest utrulege. Eg hadde ikkje mjølka ei ku eller vore med på kalving då eg tok over garden her. Ettersom den viktigaste eksportvara vår er dyktige anleggsfolk, er vi litt steingalne i Samnanger, ler Getz.

– Dei færraste hadde trua på at eg skulle klare det, men ein får til det ein sjølv ønskjer. Ein må berre ha trua på det ein driv med, og vere flink til å marknadsføre seg sjølv, seier bonden.

Heidrar sambygdingar med ostenamn
Og merksemd har verksemda fått. Tidlegare har ho fått vise fram den populære ostekaka si i eit innslag om Matfestivalen på Vestlandsrevyen. I løpet av året skal ho òg vere med i NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

 – Eg har òg hatt det som ein gimmick å kalle opp produkta mine etter personar frå Samnanger. Blant anna har eg ein ost full av smak som heiter Sterke-Nils, etter ein kraftig kar som arbeidde på anlegget i bygda, samt ein mild ost etter min tidlegare nabo Sverre, som var så snill og god, seier ostegründeren.

Osteriet i Samnanger leverer produkt blant anna til 1877 på Kjøttbasaren, Jacobs bar & kjøkken, Lysverket og Hanne på Høyden. Verksemda er òg fast deltakar på Bondens marked i Bergen.

Osteriet i Samnanger

  • Etter 17 år utanlands og utan erfaring med handverket frå før av, flytta Bente Getz til Samnanger for å starte eige osteri.
  • Produkta kallar ho opp etter naboane sine.


Kontakt:

Osteriet i Samnanger

Bente Getz
Tveit 31
5660 Tysse
Tlf: 902 37 250

E-post