Oikos - Mat fra vest

Oikos

Sprer den grøne bodskapen

Vil økologisere samfunnet

På Bergen Matfestival skal Oikos dele den grøne bodskapen om økologisk mat. Målet deira er å få fleire til å dyrke, ete og kjøpe velsmakande og miljøvenleg.

– Som ein interesseorganisasjon for både produsentar og forbrukarar, har vi i løpet av året fleire møte, forsøksprosjekt og andre aktivitetar for å få fart på omsetnaden av økomat, fortel styremedlem Tore Bergum.

Høge økologi-ambisjonar

Ein del av dette arbeidet inkluderer deltaking på Bergen Matfestival og tilsvarande samlingar andre stader i landet.

– Vi ønskjer at fleire skal dyrke og ete økologisk mat i Norge. Myndigheitene har eit mål om 15 prosent dyrking og forbruk av denne maten innan 2020, og det er eit rimeleg mål i første omgang, seier Bergum.

Ifølgje han drivast no omlag fem prosent av det norsk landbruksarealet økologisk, men omsetnaden i varehandelen er mindre.

Kraftig auke sidan 80-talet

Oikos har eksistert i ti år, og vart til etter ei samanslåing av dei tre organisasjonane Norsk Økologisk Landbrukslag (NØLL), Norsk Økologisk Urtelag (NØU) og Økoprodusentane.

– Frå 80-talet har vi sett ein kraftig auke i talet på bønder som driv økologisk. I starten var motivasjonen hovudsakleg idealistisk, men etterkvart er det vanlegare å inkludere økonomiske vurderingar når ein går for omlegging av drifta. Ein ser at marknaden er der og at det svarar seg forretningsmessig, seier Bergum.

Dyrevenleg produksjon

Det er fleire grunnar til å ete økologisk mat. Ifølgje Bergum er dette dei viktigaste:

– Økologisk mat har ein positiv helsegevinst. Sjølv om norsk mat som regel er innanfor grenseverdiane for sprøytemiddelrestar, er det betre med null gift enn litt gift i maten. Fleire forsøk tyder dessutan på at fråveret av kunstgjødsel aukar innhaldet og mangfaldet av næringsstoff i maten, seier Bergum og held fram:

– Den andre hovudgrunnen er at økologisk drift er meir skånsamt for miljøet og har strengare krav til dyrevelferd. Matjorda er ikkje berre eit passivt vekstmedium, men ein knapp ressurs som må dyrkast og vedlikehaldast for evig framtid. Sist, men ikkje minst, er det blant bøndene viktig å ha kontroll på det ein driv med, utan å gjere seg avhengig av innsatsfaktorar frå kjemiindustrien. Dermed er økologisk drift i tillegg meir fagleg utfordrande for den enkelte bonden, seier han.

Oikos

  • På Bergen Matfestival skal Oikos dele den grøne bodskapen om økologisk mat.
  • Målet deira er å få fleire til å dyrke, ete og kjøpe velsmakande og miljøvenleg.


Kontakt

Oikos

Oikos Vest
E-post
Facebook
fjordvett.no

Oikos sentralt
Engebrets vei 3, 
0275 Oslo (på Skøyen) 
Sentralbord: 24 12 41 00

E-post
Facebook
oikos.no