Norsk Sjømatsenter - Mat fra vest

Norsk Sjømatsenter

Gir deg kunnskap om delikatessar frå havet

La deg inspirere, underhalde og lær meir om delikatessar frå havet på Norsk Sjømatsenter. Ta i bruk alle sansar, og bli med på ei reise i det norske matfat under Bergen Matfestival. Norsk Sjømatsenter inviterer liten og stor til eit møte med råvarer, kokkar og produsentar.

– Kunnskap om sjømat skal føre til lidenskap for sjømat.

– Alt vi gjer på det nye opplevings- og kunnskapssenteret vårt på Fisketorget, er vårt bidrag til å styrke Bergen som Noregs sjømatby nummer éin, seier sals- og arrangementsansvarleg, Marte Eggum.

Norsk Sjømatsenter held til i 2. etasje i Torghallen på Fisketorget. Senteret jobbar for at bergensarar og hordalendingar skal få eit endå betre forhold til delikatessane frå havet. Difor satsar dei sterkt på ei litt utradisjonell tilnærming til sjømatopplevingane.

Les meir om Norsk Sjømatsenter her

Sjømatshow frå scena

Sjømatteateret, der kokkane står på ei scene og publikum kan sjå, lukte og smake på fisk og andre delikatessar, er eitt av tiltaka for å ufarleggjere blant anna tillaginga av sjømat.

– I sjømatteateret vårt er kokkane dei dyktige statistane, medan sjømaten er superstjerna frå havet som alle kan smake og kjenne på. Vi kombinerer kunnskap og underhalding på ein heilt ny måte, noko som har blitt veldig godt motteke, seier Eggum.

Programmet for Norsk Sjømatsenter under Bergen Matfestival er ikkje heilt klart enno, men dei kjem til å halde eitt eller fleire kurs. Sjå kursoversikten deira her.

Populær stad

– I løpet av det første året vårt på Fisketorget, hadde vi drygt 200 arrangement i lokala våre. Det vere seg festmiddagar, sjømatkurs, fagsamlingar for næringa, større arrangement, lagsamlingar med meir. Felles for alle arrangementa er at sjømat er ein del av festpakken. Vi synes det er herleg at vi har blitt så godt motteke, og fleire tiltak står på trappene for å syne folk kor godt sjømat kan vere, seier Eggum.

Lokala til Norsk Sjømatsenter er fleksible, og har veggar som kan flyttast og opnast opp for å skape små og store rom. I alt kan senteret huse rundt 200 matgjestar på eitt arrangement.

Senteret sine hovudaktivitetar

For publikum:

  • Sjømatkurs, presentere sjømat på ulike publikumsarrangement og matfestivalar.

Mot verksemder:

  • Utvikling og leiing av prosjekt og rettleiing for verksemder i utviklingsarbeid
  • Fagkonferansar og temasamlingar
  • Møtevirksomhet som kan kombineres med en sjømatlunsj/lett servering
  • Opplæringsprogram mot skular, daglegvarehandel, restaurantar og sjømatnæring
  • Sjømatarrangement, matkurs og samlingar for grupper og verksemder i «sjømatteateret» på Fisketorget

Norsk Sjømatsenter

  • Norsk Sjømatsenter har 14 års erfaring med utvikling av sjømat.
  • Senteret har 13 tilsette og er organisert som ei stifting.
  • Hovudkontoret deira er på Fiskerisenteret Bontelabo i Bergen. I tillegg har dei ei avdeling i kunnskaps- og opplevingssenteret i andre etasje på Fisketorget.


Kontakt:

Norsk
Sjømatsenter

Hovedkontor
Bontelabo 2
5003 Bergen

Avd. Fisketorget
Torget 2
5014 Bergen
Tel: 55 55 48 80

E-post
Facebook
sjomat.no