Nøring - Mat fra vest

Nøring

Hardangerkling, ramsløk og andre godbitar

Frå lefser til ramsløk

Nøring lagar tradisjonell Hardangerkling og andre godbitar frå naturen sitt spisskammers; ramsløk, dessertplommer, gelear og chutney.

Søkjer du på lefsa Hardangerkling, er nettstaden til Nøring den første som dukkar opp. Det er ikkje tilfeldig. Hardangerkling er tradisjonsmat dei sel mykje av heile året. 

Hardangerkling, ramsløk og andre godbiter

Hardangerkling, ramsløk og andre godbiter

Årets produkt

– Under Bergen Matfestival i 2009 vart lefsa faktisk kåra til årets produkt i Hordaland, noko vi er veldig stolt over, seier ein av dei tre eigarane, Sigrun Løkken.

Nøring starta opp i 2000, og frå starten og fram til i dag har dei jamleg auka produksjonen både av lefser og delikatesser på glas. Til saman er det no 4,5 årsverk i Nøring.

Gjorde ramsløk populært

– Eit anna produkt vi sel mykje av er Ramsløk, som vi i Nøring tek æra av å ha introdusert den til folket. Vi hadde vel ikkje drøymt om at den skulle verte brukt som smakstilsetjing i både chips og Vossafår. Den har òg blitt brukt i ostar, fortel Løkken.

Ramsløk var vikingane sin kvitlauk og blir hausta inn av Nøring i stupbratte fjellsider med utsikt over fjord og fjell.

– Vi er stolt over ramsløken vår som er henta for hand og produsert for hand, ved verdas vakraste fjord, seier ho.

Nøring

  • Nøring lagar tradisjonell Hardangerkling og andre godbitar frå naturen sitt spisskammers; ramsløk, dessertplommer, gelear og chutney.
  • Søkjer du på lefsa Hardangerkling, er nettstaden til verksemda Nøring den første som dukkar opp.
  • Det er ikkje tilfeldig. Hardangerkling er tradisjonsmat dei sel mykje av heile året.


Kontakt:

Nøring

Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf: 56 55 47 00

E-post
noring-ans.no

Utsalgsstader