Norges Mat - Mat fra vest

Norges Mat

Kåre Haugland har jobba med kjøt i meir enn 50 år

Ein ekte pølsemakar

Elena og Kåre Haugland gler seg til å dele kjøtvarene sine med publikum på Bergen Matfestival

Elena og Kåre Haugland gler seg til å dele kjøtvarene sine med publikum på Bergen Matfestival

Kåre Haugland har jobba med kjøt i meir enn 50 år. I bedrifta Norges Mat er han oppteken av å tilby reint kjøt av god kvalitet.

– Stadig fleire nordmenn ønskjer skikkelig kvalitet. Det kostar gjerne litt meir, men til gjengjeld får ein ekte vare, seier Kåre. 

 

Kjøt på gamlemåten

Norges Mat har base i Nordfjordeid og sel om lag 15 typar spekepølser, mellom anna spansk chorizo, raudvinspølse, elgpølse og viltpølse med blåbær.

– Vi har i tillegg fenalår og skinke laga på gamlemåten, og tilbyr òg ei rekkje varer etter sesong og tilgang på råvarer, som sylteflesk, geitepølse og reinsdyrpølse, påpeiker pølsemakaren

Nettpioner

Kåre var for 15 år sidan ein av dei første i Noreg som byrja med netthandel, og Norges Mat sine spekepølser er framleis tilgjengelege for kjøp på nettstaden www.norgesmat.no, i tillegg til på marknader i regionen.

På Bergen Matfestival kjem Haugland til å stå på same plass som dei fire siste åra; ved Nicolaikirkeallmenningen på Bryggen i sin lettkjennelege grøne kjølebil.

– Her får festivalgjengarar smake på ekte kvalitetskjøt, så det er berre å kome innom, inviterer Kåre. 

Norges Mat

  • Kåre Haugland har jobba med kjøt i meir enn 50 år.
  • I bedrifta Norges Mat er han oppteken av å tilby reint kjøt av god kvalitet.
  • Stadig fleire nordmenn ønskjer skikkelig kvalitet.
  • Det kostar gjerne litt meir, men til gjengjeld får ein ekte vare, seier Kåre.


Kontakt:

Haugland
6770 Nordfjordeid
Tlf: 57 86 11 08

E-post
norgesmat.no