Myrdal Gard - Mat fra vest

Myrdal Gard

– Handlaga kvalitetsostar frå Tysnes einaste fjellgard.

– Nederlandsk ost frå norske geiter

Nederlendaren Jasper van Schaik frå Myrdal Gard på Tysnes produserar ost inspirert av oppskrifter frå hans heimland Nederland - med norsk vri.

– Den norske vrien er sjølvsagt norske geiter og kyr frå garden vår, smiler Jasper.

Han legg til:

– Vi har ein nydeleg natur her på Tysnes. Naturen har lagt alt til rette for velsmakande handlaga kvalitetsostar basert på mjølk frå glade og nøgd geiter og kyr som beitar fritt i fjellandskapet, seier ostebonden.

Det beste frå Nederland og Norge

Han og kona Nynke overtok Myrdal Gard i 2013. Dei flytta frå deltids osteproduksjon i Nederland, til fulltids osteproduksjon på den einaste fjellgarden på Tysnes.

Ysteriet på Myrdal Gard er moderne og har utstyr av rustfritt stål. Ostane vert derimot laga for hand, og får personleg pleie som dei store osteprodusentane ikkje har høve til.

– Vi har tatt med oss dei beste oppskriftene, og lagt til nokre frå heimlandet mitt, som er Europas største osteprodusent. Sjølv om ostane er basert på norske og nederlanske tradisjonar, utviklar vi heile tida oppskriftene våre, noko som gjer ostane våre unike. Produkta våre har blitt godt mottekne, seier Jasper.

 Stor produksjon

– Vi leverer 400 kilo ost vekentleg. I løpet av august 2013 vart òg ost frå Myrdal Gard tilgjengeleg i fleire av Rema 1000-butikkane i Bergen.

– Ein av bestselgarane våre er kvitost med ramslauk. Den er det alltid kraftig rift om, seier Jasper. Ostane til Myrdal gard kan også bestillast via e-post, og sendast med posten.

For augneblinken produserer Myrdal Gard seks forskjellege typar ostar.

Les meir om dei ulike ostane her her

Myrdal Gard

  • Myrdal Gard ligg 230 meter over havet på den vakre Tysnesøya sør for Bergen i Hordaland fylke
  • Her produserast herlege ostar, basert på kvalitetsmjølk frå glade og nøgde geiter og kyr som fritt beitar i det varierande fjellandskapet.
  • Handverk, tradisjon og naturlege ingrediensar garanterar deg eit produkt som vil tilfredstille dine høgaste forventningar.


Kontakt:

Myrdal Gard

Jasper og Nynke van Schaik
5690 Lundegrend
Tysnes
Tlf.: 53 43 22 93

E-post
Facebook
myrdalgard.no