Matgalleriet - Mat fra vest

Matgalleriet

Lokalmat, kultur og matkurs samla under eitt tak

Vil gi bergenserane matvet

Folk et og snakkar mykje om mat, men gir den for liten verdi. Med Matgalleriet skal bergensarane få god lokalmat, kultur og matkurs samla under eitt tak.

Det manglar ikkje på ambisjonar hos Matgalleriet som opnar i løpet av 2014. Dei skal gjere gode lokale råvarer, lokale matrettar og lokal drikke meir tilgjengeleg for folk. Samstundes vil dei auke kunnskapsnivået om mat og bidra til ein berekraftig matproduksjon.

– Mat er noko vi snakkar om, tenkjer på, kjøper og fantaserer om kvar einaste dag. Men det er eit paradoks at mange ikkje veit kvar maten deira kjem frå, kven som har laga den eller korleis den blir laga, seier gründer Martin Haaskjold Inderhaug.

– Biletet blir endå meir feil når Food and Agriculture Organization kan fortelje at det blir produsert nok mat til ti milliardar menneske på jorda, samstundes som 868 millionar menneske legg seg svoltne om kvelden, seier han.

Sjå Bergen Matgalleri si nettside.

Planløysinger

Saman med David Sebastian Boada Mendoza frå Ecuador vil han endre på nettopp denne kunnskapsløysa og sløsinga av ressursar.

– Vi ønskjer å etablere Matgalleriet i nær tilknyting til bergensområdet, og planløysing og lokalar kartleggast fortløpande, forklarar Martin.

Lokalet kjem til å vere på rundt 350 kvadratmeter. 60 prosent av maten i bistroen og markedet deira vil vere frå Vestlandet, 20 prosent frå Austlandet og 20 prosent vil vere eksklusive produkt frå land som India, Etiopia, Ecuador, Frankrike og Italia. I tillegg vil det vere kunst, musikk og faglege kurs.

– Verdas viktigaste jobb

– Matgalleriet vil vere ein stad som representerer lokale fiskarar og bønder, og ønskjer å bidra til å gjere levevirket til dei som driv tradisjonelt og berekraftig lettare, seier han og utdjupar.

– Utan bønder og fiskarar er vi ingenting, og dette vil bli tydeleg hos oss. Vi ønskjer å promotere dei som gjer verdas viktigaste jobb – nemleg å gi oss føde.

Snart ferdigutdanna gastronomar

Mendoza og Inderhaug har studert saman ved University of Gastronomical Sciences i Italia, eit studie dei var ferdige med hausten 2013 og ga dei titlar som «Gastronomar». Martin har tidlegare jobba som frilansjournalist for TV2 og for matmagasinet Mat & Helse, medan David Sebastian er musikar og kokk, og har jobba på kjøkkenet i seks ulike land.

– Vi har vore med på Bergen Matfestival tidlegare, men 2013 var det første året vi deltok med eiga verksemd, seier gastronomstudenten.

Matgalleriet ønskjer å samarbeide med mange om prosjektet dei skal realisere i løpet av 2014, og ber interesserte om å ta kontakt.

Matgalleriet

  • Kultur- og lokalmatsenter som startar opp i 2014
  • Ein idé av gastronomane Martin Inderhaug og David Sebastian.


Kontakt

Matgalleriet

Martin Inderhaug
Tel: 414 03 388

E-post
matgalleriet.com