Lutro in Vitro - Mat fra vest

Lutro in Vitro

Sylte og chutney av pærer, plommer, eple og moreller

Puttar gardens beste på glas

Foredlingsbedrifta Lutro in Vitro, på Lutro i Ullensvang lever opp til det latinske namnet sitt, og puttar det beste garden har å by på rett i glaset.

Direkte omsett frå latin betyr Lutro in Vitro «Garden Lutro på glas». Slik sett passar namnet ypparleg for fruktbonde Hege Ertsås Lutro. Ho har heiltidsjobb på garden med å sørgje for at frukt frå garden kjem på glas og ut til folket.

– På fruktgarden vår dyrkar vi pærer, plommer, eple og litt moreller. Sidan 2005 har dette vært jobben min, å foredle råvarene til chutney og syltetøy, seier Hege.

– Dei siste åra har trenden vore at folk er opptekne av sunne, handlaga fruktprodukt, utan tilsetjing av konserveringsmiddel. Produksjonen ligg no på cirka 7000 glas med frukt til gardsbutikkar og marknadsal i Sør- Norge, Bondens marked og til ein grossist som leverer til daglegvarehandelen i Hordaland. I byen er produkta tilgjengeleg hos blant andre Kvammes Fetevarer på Strandkaien, seier Hege.

Sterk merkevare

Fruktbonden kan fortelje at det har tatt nokre år, men at kvalitetssyltetøyet, og særleg chutney’en hennar, no har vorte kjend blant matelskarar.

– Lutro in Vitro-merkevaren er i ferd med å bli veldig godt kjend i Hordaland, og det er vi glade for. Å lage godt syltetøy er eit ordentleg handarbeid, seier ho.

Lutro in Vitro

  • Foredlingsbedrifta Lutro in Vitro, på Lutro i Ullensvang lever opp til det latinske namnet sitt, og puttar det beste garden har å by på rett i glaset.
  • Direkte omsett frå latin betyr Lutro in Vitro «Garden Lutro på glas». Slik sett passar namnet ypparleg for fruktbonde Hege Ertsås Lutro
  • Ho har heiltidsjobb på garden med å sørgje for at frukt frå garden kjem på glas, og ut til folket.


Kontakt

Lutro in Vitro

Hege E. Lutro
Lutro 1, 5781 Lofthus
Tlf: 905 50 935

Facebook