Lutro Gard - Mat fra vest

Lutro Gard

– Lange tradisjonar som fruktgard

Kvalitet i alle fruktledd

– Eg starta med fruktgard fordi eg elskar frukt. At eg står bak kvart eple, morell og plomme som finn vegen til Bergen Matfestival, skulle berre mangle, seier Helga Opedal frå Lutro Gard.

Lutro Gard ligg idyllisk til i Hardanger i Ullensvang herad. Garden ligg ved Sørfjorden omlag 2,3 kilometer frå Lofthus og 7,8 kilometer frå Kinsarvik. Den vert i dag driven av ekteparet Helga Opedal og Olav Strand.

– Garden har lange tradisjonar som fruktgard og har vore i familien min sidan 1706. På Lutro Gard finn du både produksjon og vidareforedling av frukt, gardsmat-utsal, feriehytter og fotogalleri, fortel Helga.

Lokkar med gamle eplesorter

Saman med henne kjem det frukt i alle formar til Bergen Matfestival i september.

– Eg driv hovudsakleg med vidareforedling av eple, morellar og plommer. Frukta vert seld som dessert og gelé. Eg synes det er viktig å dyrke fruktsortar som ikkje er vanlege lenger. Då får du ein unik og sjeldan god smak, som mange av våre konkurrentar ikkje har, seier Helga.

Populære gåver

Fruktbonden frå Lutro Gard kan fortelje at fleire av fruktprodukta hennar kjem i gåveinnpakking. Under Bergen Matfestival i fjor fekk desse varene bein å gå på.

– Mykje av det eg sel er hermetisk frukt. Det eigner seg godt til flotte gåver som ein kan gi vekk, eller behalde sjølv. Og så er det sunt òg, smilar Helga.

Om du er på jakt etter produkt frå Lutro Gard utanom Matfestivalen, kan dei kjøpast i nokre Spar-butikkar, Meny-butikkar, samt på Strandkaien Fisk i Bergen. Fleire lokalbutikkar tek òg inn varene frå ho og andre fruktbønder via distributøren Generasjonsmat Evanger.

– Det blir ein del tusen glas i løpet av ein sesong. Og Bergen Matfestival blir eitt av høgdepunkta for oss som dyrkar, vidareforedlar og sel våre varer, seier fruktbonden.

Les meir på nettstaden til Lutro Gard her

Lutro Gard

  • Lutro Gard ligg ligg idyllisk til i Hardanger, ved Sørfjorden i Ullensvang herad.
  • Her finn du produksjon og vidareforedling av frukt, gardsmat-utsal, feriehytter og fotogalleri. Frukta vert seld som dessert og gelé.
  • Kan kjøpast på matfestivalen, i nokre Spar-butikkar, Meny-butikkar, lokalbutikkar samt på Strandkaien Fisk i Bergen.
  • Les meir om garden her

Kontakt

Lutro Gard

Lutro
5781 Lofthus
Tlf: 952 37 206

E-post
lutrogard.no