Lomelde gard - Mat fra vest

Lomelde gard

Har drive med frukt i mange generasjonar

Tradisjonar for god frukt

På Lomelde gard, idyllisk plassert ved Sognefjorden mellom Sogndal og Leikanger, har det blitt drive med frukt i mange generasjonar.

Kvart år vert mange tonn morellar plukka ned frå trea ved garden. I tillegg hentar dei ned fleire tonn plommer, samt mindre mengder kirsebær, pærer og eple.

– Her er det gode forhold for dyrking av frukt. Det er mildt om vinteren og om sommaren er det gode lysforhold og lite nedbør. Det fører til søt, herleg frukt. 2013 blir eit kronår for morellane våre, forklarar Jarle Lomelde.

Historisk grunn

Lomelde er ein gamal gard. Den var busett alt i eldre jarnalder. Her er gjort arkeologiske funn frå romertida, mellom anna ei spenne og det eldste mønstersmidde sverdet som er funne i Vest-Noreg.

– I meir enn 150 år har det blitt drive med fruktdyrking ved garden, og sidan 1980 har det eksklusivt vore ein fruktgard. Vi er stolte av produkta våre, og gler oss veldig til å kome til Bergen Matfestival for å vise dei fram, seier Jarle.

– Som plomma i egget

Om du verkeleg elskar Lomelde-morellane og –plommene, kan du no få verta naboen deira. Området rundt Lomelde gard er nemlig regulert for bustadbygging.

– Ein kan mellom anna få ta del i Tun+-prosjektet, som skal vere eit tett bufellesskap med nærleik til naturen. Her vil ein ha det som plomma i egget, inviterer Jarle.

Lomelde gard

  • På Lomelde gard, idyllisk plassert ved Sognefjorden mellom Sogndal og Leikanger, har det blitt drive med frukt i mange generasjonar.


Kontakt

Lomelde gard

Lomelde
6859 Slinde
Tlf: 957 63 434

E-post
lomelde.no