Leiren Laks - Mat fra vest

Leiren Laks

Lærte å røyke og salte fisk på gamlemåten av foreldra

Ein garva lakserøykar

Halstein O. Leiren lærte å røyke og salte fisk på gamlemåten av foreldra. I 2013 var verksemda Leiren Laks med i finalen av NM for røykt og grava laks.

– Å røyke og salte fisk har eg interessert meg for lenge, men det var først rundt 2009 sidan eg starta eiga verksemd. Naboar og slekt som fekk fisk av meg likte smaken så godt at dei ville ha meir, seier Leiren.

Gamalt handverk
Resultatet vart verksemd Leiren Laks der han sel grava regnbogeaure, røykt villaks og laks – no til langt fleire enn berre naboane og slekta.

– All fisken eg sel blir handsama på gamlemåten. Her er det ikkje snakk om noko fabrikkproduksjon, understrekar gründeren.

I 2013 deltok Leiren Laks i NM for røykt og grava laks, der han var blant dei fem finalistane. NM vart arrangert under messa Aqua Nor. Leiren kvalifiserte seg i både kategorien «grava» og «open».

Les meir her

Smaken av barndom
Verksemda inkluderer på det meste tre tilsette, der ein troppar opp etter behov. I starten kom arbeidet med fisk i tillegg til vanleg jobb – no er det Leiren sitt arbeid på heiltid.

– Noko av det kjekke med jobben er når eg får tilbakemeldingar frå kunden om at det smakar som fisken dei åt i barndomen.

Produkta til Leiren Laks er å få kjøpt i ei rekkje butikkar. I Oslo er produkta tilgjengeleg blant anna hos Mathallen, Fenaknoken og Vulkan Fisk. I Hordaland og Sogn og Fjordane er fisken tilgjengeleg hos kjedane Coop, Joker, Spar og Meny. 

Leiren Laks

  • Halstein O. Leiren lærte å røyke og salte fisk på gamlemåten av foreldra.
  • I 2013 var Leiren Laks med i finalen av NM for røykt og grava laks.
  • – Å røyke og salte fisk har eg interessert meg for lenge, men det var først rundt 2009 eg starta eiga verksemd, seier Halstein O. Leiren.

Kontakt:

Leiren Laks

Halstein O. Leiren
2727 Stamnes
Tlf: 56 59 80 44 / 975 25 747

E-post
leirenlaks.no