I tre generasjonar har dei drive med kvalfangst på Fedje. I Noreg er derimot verksemda Landkjenning ein av få som framleis driv med kvalfangst.
Landkjenning AS har drive med sjølvproduksjon av kvalkjøt i 13 år, dei siste åra med fangsskuta «M/S Olavson». Første året dagleg leiar, Oddvar Husa, var ute på fangst var i 1958. Sidan starten har han drive fangst i Barentshavet, Jan Mayen, Aust-Grønland, felta rundt Shetland/Orknøyane og i Nordsjøen.
Eksklusiv på marknaden
Landkjenning AS på Fedje er ikkje åleine om å tilby kvalkjøt i Noreg, men er ein av få. På Bergen Matfestival er det berre Landkjenning AS si verksemd som sel kvalkjøt med fangsskuta «M/S Olavson».
– Det meste sel vi til lokalbefolkninga i Nordhordland som kjem ut til Fedje, eller til produksjonslokala i Bøvågen. I dette lokalet skjer og vakuumpakkar vi kjøtet, eller kundane ringjer og bestiller. Elles kjører vi inn til Bergen når vi har nok ordrar.
Les meir om kvalkjøt på Landkjenning si heimeside
Sunt og godt
Nokon folk kan vere skeptiske til smaken på kvalkjøtet. Det er derimot ingen grunn til å vere skeptisk, understrekar Husa. Ein fin kvalbiff ein laurdagskveld er eksotisk, seier han med eit smil.
– I gamle dagar meinte folk at det var transmak på kjøtet, men fordi vi handsamar kjøtet på ein betre måte blir det ikkje noko att av denne smaken. Kjøtet er difor sunt og smakfullt, seier kvalfangaren.
Husa fekk stadfesta at kvalkjøtet smakar mest heilt likt vanleg biff då kjøtet vart servert til to kvinnelege kvalfangstmotstandarar frå Amerika. Dei ante ikkje kva slags kjøt dei åt.
– Vi spurte kva slags kjøt dei trudde dei hadde ete, og då trudde kvinnene at det var vanleg biff, fortel han.
Oddvar Nilsen Husa
Landkjenning
5947 Fedje
Kvaltelefonen
(for bestilling av kjøt):
959 05 423
For andre henvendelsar:
900 92 595
E-post
fedjekval.no
Gunnar Nagell Dahl,
Festivalsjef
Telefon 55572150
Mobil 95 11 84 90
E-post gnd@fmho.no
Copyright © 2014
All rights reserved