Krokstad gårdsmat - Mat fra vest

Krokstad gårdsmat

 Lokalmat med inspirasjon frå utlandet

Søtt, salt og syrleg frå Bjugn

Rune Krokstad reiser gjerne utanlands for å få inspirasjon til nye produkt. Kva seier du til litt godt spekekjøt, heimelaga krydderost, grankvisteddik eller lakrissirup?

Etter å ha arbeidd som kokk i fleire år, tok trønderen steget fullt ut og starta eiga verksemd. Ein tanke han hadde gått med lenge, og som ga han høve til å eksperimentere seg fram til nye produkt. Verksemda resulterte i det som i dag heiter Krokstad gårdsmat.

– Då eg starta for fire år sidan hadde eg berre eit lite utsal der eg selde spekekjøt. Etterkvart vart eg derimot godt kjend med Romstad gård, som eg seinare innleia eit samarbeid med, forklarer Krokstad som held til i Bjugn i Sør-Trøndelag.

– Slik får du salat i borna

Slit du med å få ungane dine til å ete salat, vil litt grankvisteddik gjere susen. Og ønskjer du ein eigen vri på desserten, er det berre å pynte osten eller iskremen med litt lakrissirup, tipsar Krokstad.

– Teane og kryddera våre finn du ikkje maken til nokon andre stader i landet, så ønskjer du ei smaksoppleving litt utanom det vanlege er det berre å ta kontakt, oppmodar trønderen.

Ønskjer du å prøve produkt frå Krokstad gårdsmat kan du treffe på dei på Bondens marked i Trondheim og Levanger, samt matfestival fleire stader i landet.

– Vi deltek på alt frå Glommafestivalen og Gladmatfestivalen til Vesterålen Matfestival. Og for dei som ikkje får møtt oss på desse stadene, har vi òg høve til å sende produkt i posten.

Krokstad gårdsmat

  • Rune Krokstad har bakgrunn som kokk og starta si eiga verksemd i 2000.
  • Verksemda samarbeider med Romstad gård, som tilbyr gelear, smør, ost, krydder og fleire andre produkt.


Kontakt

Krokstad gårdsmat
Tangen
7357 Skaun
Telefon: 471 71 513 / 72 86 41 70

E-post