Knut Garshol Klippfisk - Mat fra vest

Knut Garshol Klippfisk

Ein smak av kystkultur

Klippfiskelskaren i Kristiansund

Knut Garshol er den femte i familien som jobbar med klippfisk, og det kjennast på smaken. Kundane hans reiser gjerne langvegs for å smake på produktet «Klippfisk av Skrei».

– Fisken eg tek med meg til årets Bergen Matfestival er heilt unik og produserast berre i liten skala. Og i motsetnad til mykje anna klippfisk, blir denne laga av fersk fisk, noko som gir ein ekstra god smak. Nettopp dette veit eg bergenserane set stor pris på, fortel Garshol.

Produktet hans «Klippfisk av Skrei» vart for over ti år sidan Slow Food-godkjend, som viser til at handsaminga av maten og ingrediensane følgjer visse retningslinjer for produksjon. Han har òg fått fleire utmerkingar for fisken, blant anna Det Norske Måltid si kåring «Årets råvare frå sjø» i 2008, samt «Årets beste klippfisk» i 2014.

Butikk i rådhuset

Fisken hans foredlast på Nordmøre og distribuerast frå Kristiansund. Gjennom den tradisjonelle teknikken «røyting», der han fjernar skinn og bein frå klippfisken, tryllar han fram dei finaste bitane.

– Butikken min i Kristiansund held til i lokala til rådhuset, og er verdas største vesle butikk. Den er 24 kvadratmeter, men har vorte ein stor turistattraksjon. Mange kjem gjerne langvegsfrå, eller tek turen innom fordi dei blant anna har treft meg på matfestivalen tidlegare, seier Garshol.

Butikken til Garshol er den einaste spesialbutikken for klippfisk i landet.

Klippfisk i alle slektsledd

Butikken hans Knut Garshol Klippfisk vart ein realitet i 2001, etter at han i 25 år hadde drive den lokale Joker-butikken etter far sin. Då innteninga med tida starta å svikte, fekk han høve til å realisere draumen om å leve av klippfisk, slik fire generasjonar før han hadde gjort.

– Eg har slekt frå Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre, så du kan sei at eg har klippfisk og handel frå alle ledda i slekta. Å arbeide med klippfisk har vorte ein livsstil for meg. Den gir meg ein veldig spanande kvardag, samt at eg får kontakt med mange kjekke kundar, seier han.

Årleg har Knut Garshol sin klippfisk ein omsetnad på mellom en og to millionar kroner. Den same fisken vert eksportert til Brasil.

– Ein smak av kystkultur

Garshol er eit fast innslag på Bergen Matfestival. No gler han seg storvegs til årets store høgdepunkt, der han får sjå att mange andre produsentar han har blitt kjend med.

– Eg likar godt konseptet med matfestivalen, som har som mål å vise fram dei små produsentane. Kvar haust er det så mykje god mat du berre kan tenke deg her: Pølser, eple, grønsaker, honning, laks, sild og brisling. Ein smak av Noreg og kystkulturen vår, seier han.

Knut Garshol Klippfisk

  • Knut Garshol er den femte i familien som jobbar med klippfisk, og det kjennast på smaken.
  • Kundane hans reiser gjerne langvegs for å smake på produktet «Klippfisk av Skrei».


Kontakt:

Knut Garshol
Klippfisk

Postadresse:
Klippfisk av Skrei,
Knut Garshol,
postboks 784,
6501 Kristiansund

Besøksadresse:
Kaibakken 2,
Rådhusplassen,
6509 Kristiansund N

Tlf: 952 02 630

E-post
klippfiskavskrei.no