Kinn Bryggeri - Mat fra vest

Kinn Bryggeri

Øl laga på gamlemåten

Femdobbel Kinn

Kinn Bryggeri har flytta inn i nye fasilitetar, og femdobla produksjonskapasiteten. – No kan vi glede endå fleire med øl laga på gamlemåten, seier dagleg leiar Espen Lothe.

Kinn Bryggeri har på få år blitt eit av dei leiande handverksbryggeria i Noreg frå basen deira i Florø.

– Vi starta opp i desember 2009, og har no flytta til eit større lokale og utvida staben. Det har vore ei fantastisk utvikling, og sjølv om eg trudde dette kom til å verte stort, trudde eg ikkje det ville gå så fort, seier Lothe.

Tradisjonell ølfilosofi

Men sjølv om Kinn har utvikla seg raskt, er det éin ting bryggjerimeisteren seier ikkje kjem til å endre seg med det første – filosofien.

– Kinn-øl skal vere enkle og lettdrikkelege, men samtidig vere distinkte. Ved å bryggje på gamlemåten, der alle øl vert gjæra i opne gjæringskar, men verken blir pasteuriserte eller filtrerte, held vi på den naturlege, gode smaken i øl. Det er eit smaksbilete som er unikt for oss, seier Kinn-sjefen.

– Alle skal få

Det nye lokalet er på 560 kvadratmeter, noko som er mykje større enn dei 80 kvadratmetrane bryggjeriet hadde tidlegare. Med kapasitet på en million liter årleg kjem fleire no til å få smake Kinn-øl.

– Vi har hatt større etterspørsel enn kapasitet tidlegare, noko som mellom anna har ført til mangel på juleølen vår. Men no skal alle som vil ha Kinn-øl kunne få, fastslår Lothe.

Kinn Bryggeri

  • Kinn Bryggeri vart starta opp i 2009 av heimebryggjaren og ølentusiasten Espen Lothe.
  • Kinn Bryggeri lagar ei rekkje øl i engelsk og belgisk stil.


Kontakt:

Kinn Bryggeri

Strandgata 28
6900 Florø
Tlf: 473 39 047

E-post
Facebook
kinn.no

Sjå film om korleis gjæringa
vert gjort på Kinn Bryggeri