Kandal Kjøt - Mat fra vest

Kandal Kjøt

– Smaken av kje- og geitekjøt er heilt unik

I år skal geita på grillen

I fleire generasjonar har familien Nygård i Kandal  ete kjøt frå geit og kje. Byter du ut lammekjøtet med kje i kål, eller pølser mot geit på grillen, kjem du ikkje til å angre.

– Det er vanskeleg å skildre smaken, det liknar ingenting anna, men det er veldig mildt og fint på smak. Eg er naturleg nok inhabil, men for meg er det lite som slår smaken av geit og kje. Det er ein smak som berre må opplevast, smiler dagleg leiar i Kandal Kjøt, Paul Nygård.

Han er sonen til Bjørn og Magni, som i 1997 starta sal av det delikate kjøtet ved Kandal Kjøt i Gloppen, Sogn og Fjordane. Før dette hadde slekta deira i fleire generasjonar hatt geit og kje til gards.

– Nokre tenkjer kanskje at geitekjøt har ein stram smak, men det er feil. Kjøtet er mildare og har eit litt anna feitt enn i sauekjøt, så det er eigentleg rart at det ikkje blir brukt i større grad. Hos oss lagar vi til dømes pinnekjøt av geit i jula, seier han.
 

Geitelår og potetsalat
Garden kan besøkast for direkte kjøp av geit- og kje-produkt, og lista deira over heimelaga produkt er lang. Vi nemner nokre: Kjekjøt, ferdig grilla eller fersk. Ytrefilet. Spekekjøt, som er tørrsalta og stabburstørka. Dampepølse. Kvitlaukpølse. Alle produkta deira er fri for mjølk og gluten.

– Kva respons har de fått på grillprodukta dykkar? For mange verkar det kanskje litt uvant å grille kje og geit?

– Veldig mange blir overraska over den milde, fine smaken. Tidlegare selde vi ein del oppdelte stykke, men det viste seg at mange heller ville ha heile kjøtstykke. Til dømes sel vi heile ribber som er ruta og krydra med urter, fortel Nygård.

Vant pris i «Smaken av Norge»
– Kva passar denne grillmaten saman med?

– Det blir litt som med anna grillmat – det passar fint med grøn salat og potetsalat. Til kjelår synest eg det er veldig godt med fløytegratinerte poteter og wokka grønsaker. Kjøtet er ikkje vanskeleg å bruke .

I 2008 deltok Kandal Kjøt i konkurransen «Smaken av Norge», der produktet deira av kje kom på delt andreplass i kategorien «Årets Råvare frå land».

Sjå fullstendig oversikt over Kandal Kjøt sine produkt.

Tørka kjøtet på loftet
Selskapet har bygd seg opp frå å vere ein liten produsent som tørka kjøtet på eige loft i samråd med Mattilsynet, til at dei i 2004 var blitt store nok til å lage eit eige anlegg til foredling av kjøt på garden. I dag foredlar Kandal Kjøt omlag 900 geiter og 400 kje.

– Garden ligg litt utanfor allfarveg, du tek av på E39 ved Breimsvatnet og køyrer om lag 15 kilometer på Fv 696 til Kandal. Folk må gjerne ringe oss og avtale ei tid dei kan kome og kjøpe kjøt. Elles er vi ofte på Bondens marknad i Sogn og Fjordane og nokre større matfestivalar, slik som i Ålesund, Oslo og Bergen. Spekemat kan kundane òg få tilsendt i posten, fortel geitebonden.

Sjå oversikt over kvar Kandal Kjøt har stand framover.

Kandal Kjøt

  • Kandal gard ligg like ved Breimsvatnet i Gloppen, Sogn og Fjordane.
  • Selskapet vart starta av Bjørn og Magni Nygård i 1997, og har vakse seg jamt større for kvart år.
  • No har òg sonen, Paul Nygård, tatt del i gardsdrifta.


Kontakt

Kandal Kjøt

Kandal
6823 Sandane
Bestilling: 414 57 998

E-post
Facebook
kandalkjott.no