Isrosa - Mat fra vest

Isrosa

Landets første økologiske iskremprodusent

Ispionerar med naturleg smak

Isrosa var dei første i Noreg som starta produksjon av økologisk is. Sidan oppstarten i 2003 har produkta deira vorte stadig meir populær.

– Mjølk, egg og rabarbra klarar vi å produsere sjølve her på garden Inngjerdet i Kvinnherad. Bjørnebær, plommer og bringebær kjøper vi av andre økologiske bønder i området. Resten av ingrediensane er i hovudsak importerte, men alt har økologisk godkjenning, fortel Øystein, som driv familiebedrifta saman med kona Una Kolle.

Først ute i Noreg

Dei er opptekne av at isen faktisk skal smake det som står på etiketten, og det var ein av grunnane til at ekteparet vart pionerar innan norsk økologisk isproduksjon. Som dei første i landet starta Isrosa kommersiell produksjon av økologisk is i 2003.

– I vår bringebæris er det faktiske bringebær, ikkje bringebæressens, og det same er tilfellet med vaniljen og alle andre smakar. Fargestoff og tilsetningsstoff brukar vi ikkje. Når dei ferske råvarene i tillegg kjem frå økologisk landbruk, utan kunstgjødsel og sprøytemiddel, er resultatet ein is som gjer deg glad, fastslår Øystein.

Frå kanel til rabarbra

Isrosa økologisk is har mange smakar, og produserer både mjølke- og fruktis.

– Mjølkeisen kjem med smak av vanilje, sjokolade, kanel, valnøtt med lønnesirup, bjørnebær, sjokobitar, krydra appelsin og kokos med sjokoladebitar. Så her finst noko for ein kvar smak. Fruktisen vår er utan egg og mjølk, og med smak av bringebær, plomme, rabarbra og pære. Nokre smakar er knytt opp til sesongane, og vert ikkje laga heile året, seier Øystein, som kjem til matfestivalen med eit solid utval is, og sjølv steikjer iskjeksen på standen.

Isrosa

  • Den økologiske isen til Isrosa vert levert i beger på 550 ml og 125 ml til butikkar og kafear i store deler av Noreg.


Kontakt:

Isrosa

Bringedalsvegen 183
5462 Herøysundet
Tlf: 416 07 381

E-post
Facebook
isrosa.no

Sjå oversikt over butikkar og kafear som sel Isrosa-iskrem.