Hordaland Bondelag - Mat fra vest

Hordaland Bondelag

– fast deltakar på Matfestivalen

- Ulike, men like viktige

Hordaland Bondelag sin fungerande leiar, Frøydis Haugen, meiner Matfestivalen er ein unik arena. Her får bøndene vist fram mangfaldet og levere kreative og gode produkt utanfor dei store butikk-kjedane.

– Hordaland Bondelag er sjølv fast deltakar på Matfestivalen, både for å bidra til å vise fram lokal matproduksjon og for å informere om norsk matproduksjon generelt.

– Vi rettar oss særleg mot born og har fleire aktivitetar for dei. I tillegg har vi infomateriell som kan lære både små og store om bondeyrket, seier Frøydis Haugen, fungerande leiar i Hordaland Bondelag.

– Slik håpar vi at forbrukaren òg ser betydinga av lokal matproduksjon, og kanskje vi til og med kan vekke litt nysgjerrigheit for å starte opp sjølv, håpar ho.

Eit supplement av kreativitet

Som bøndene sitt talerøyr er det viktig for medlemsorganisasjonen å vere til stades og støtte opp om alt som tener bonden.

– Medlemmane set pris på matfestivalen og då er den òg viktig for oss. Dessutan ønskjer vu å vise at vi er ein del av det store biletet, og at vi jobbar for rammevilkår for mellom anna lokalmatprodusentane, forklarar Haugen.

Ho er sjølv mjølkeprodusent, og ser på Matfestivalen som ein viktig møteplass som skapar ein mangfaldig marknad.

– Det kan vere utfordrande for småskalaprodusentar å sleppe inn i matvarekjedene. Difor er det viktig å ha stader der dei kan møte kundane sine, og ikkje minst møte kvarandre. Slike møteplassar gjev moglegheiter til å utfalde seg og å vere kreativ, og skapar eit mangfaldig supplement til produkta ein får i butikkane.

– Slik viser vi at produsentane er ulike i måten å tenkje på og i moglegheitene dei har, men samstundes er alle like viktige i norsk matproduksjon, legg Haugen til.   

Hordaland Bondelag

  • Hordaland Bondelag er fast deltakar på Matfestivalen, både for å bidra til å vise fram lokal matproduksjon og for å informere om norsk matproduksjon generelt.
  • Som bøndene sitt talerøyr er det viktig for medlemsorganisasjonen å vere til stades og støtte opp om alt som tener bonden.


Kontakt

Hordaland Bondelag
Krokeidevegen 13
5244 Fana
Tlf: 55 91 88 80

E-post
Facebook
bondelaget.no/hordaland