Hordaland Bonde- og småbrukarlag - Mat fra vest

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

– arbeidar for eit sterkt og livskraftig landbruk

Landbruk i heile Hordaland

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag arbeidar for eit sterkt og livskraftig landbruk i alle delar av fylket.

Åse Marie Reisæter er fylkessekretær i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag. Ho peikar på at bøndene gjer ein viktig jobb for fellesskapet, ikkje berre ved å produsere mat.

– Bondeyrket inneber óg stell av landskapet, og eit aktivt og levande landbruk bidreg til busetnad og ringverknader for andre næringar i alle delar av fylket.

Difor arbeidar Hordaland Bonde- og Småbrukarlag for å oppretthalde landbruket i heile Hordaland.

– Bruk for alle

Diverre ser Reisæter svært mange bruk, både i Hordaland og i resten av landet, som vert nedlagde.

– Følgjene av dette kan vi allereie sjå i landskapet. Vårt mål er å få vilkår som gjer det mogeleg å drive jordbruk i alle delar av fylket vårt, forklarar fylkessekretæren.

– Skal vi klare det er det bruk for oss alle saman – ulike produksjonar og tilleggsnæringar og ulike storleikar, legg ho til.

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag er ein medlemsorganisasjon, med i underkant av 700 medlem frå heile fylket.

– Og vi ønskjer oss fleire – både aktive bønder og andre som støttar arbeidet vårt. På heimesida vår www.smabrukarlaget.no vil du finne meir om aktivitetar og kva Småbrukarlaget står for, oppfordrar Reisæter. 

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

  • Ønskjer eit mangfald av ulike jordbruksproduksjonar og tilleggsnæringar.
  • Har i underkant av 700 medlem frå heile Hordaland.


Kontakt

Norsk Bonde- og Småbrukarlag

smabrukarlaget.no

Finn ditt lokallag i Hordaland