Honning og Design - Mat fra vest

Honning og Design

God økologisk honning til deg

Ein økologisk biemann

Om Berge Borge og biene hans er bestekompisar om våren og sumaren, vert det god økologisk honning til deg.

Det er mange småprodusentar av mat som lever i eit anonymt tilvære. Men når Bergen Matfestival opnar, dukkar det opp produsentar av kortreist mat frå heile Hordaland.

– Det unike med Matfestivalen er at storparten av dei besøkande er i kjøpsmodus. Det er få som kjem for å berre kikke, fortel birøktar i Honning og Design, Berge Borge.

Bestill honning via nettsidene deira.

Honning og sveler

Borge har honningproduksjon som ei biintekt. Og han sel nysteikte sveler i tillegg. Han er fast på Bondens Marked, og sel i tillegg honning via nettside og tradisjonell postordre.

– Når Matfestivalen opnar blir det fort utseld for honning. Eg har vore med på festivalen heilt sidan den fyrste gong vart arrangert, og kvar gong har det vore ein suksess. Alle produkta mine vart rive vekk i løpet av kort tid, seier han

Økologiske godsaker

Per august 2013 har birøkteren rundt ni kuber. Han undestrekar at det fins honning – og økologisk honning.

– Økologisk honning blir produsert i bikubar i eit område som ligg minst tre kilometer vekke frå trafikk. Området har heller ikkje blitt handsama med sprøytemiddel. Sukkerblandinga, som biene blir fôra med om hausten, er òg økologisk, fortel Borge.

– Alt blir sjekka av DEBIO. Om honningen har betre smak når den er framstilt økologisk, skal vi ikkje påstå, men tilbakemeldingane frå kundane er udelt positiv sjølv om den er litt dyrare.

Honning og Design

  • Om Berge Borge og biene hans er bestekompisar om våren og sumaren, vert det god økologisk honning til deg.


Kontakt:

Honning & Design

Facebook
okologisk-honning.no

Utsalgssteder:
Bondens marked og på nettsiden deres.