Homlagarden - Mat fra vest

Homlagarden

- Prisvinnande kalkundrift

Økologisk kalkunsuksess

Hos Homlagarden får kalkunane rein, naturlig mat, skikkelig mosjon og god plass. – Resultatet er kjøt med betre farge, betre konsistens og betre smak, fortel kvalitetsansvarleg Els Geelen.

For Els og Homlagarden er det viktig at publikum forstår kva som er skilnaden på økologisk og konvensjonelt oppdrett, både for å vite kva dei et, men òg for å forstå grunnen for prisforskjellen på dei to mattypane. 

– Vi gir dyra ein meir naturleg oppvekst der dei går ute på økologisk beite heile dagen, får økologisk tilleggsfôr utan preventiv medisin og lever lenger. Denne type drift kostar meir enn konvensjonell drift, men samstundes er resultatet noko heilt anna, seier kvalitetsansvarleg Els.

Prisvinnande kalkundrift

Ho har bevis for å backe opp den påstanden: I 2009 fekk Økodrift Homlagarden tildelt Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris, er kåra til «Årets leverandør for økologisk produkt 2010» og fekk tildelt Økoprisen Vestlandet frå Norsk Økologisk Landbrukslag i 2011.

– I tillegg var brystfileten vår nominert til «Det Norske Måltid 2011», og i 2012 fekk lårfileten vår nominasjonen. Dette er sikre teikn på kvaliteten i økologisk kjøt, fastslår ho.

Reindyrka oppvakning

Ho fortel at nordmenn vert stadig meir interesserte i økologiske produkt.

– Vi ligg framleis langt bak Sverige, Danmark og andre europeiske land, men Noreg begynner langsamt å verte meir medvitne om fordelane med økologisk mat. Mellom anna på grunn av butikkar som Reindyrka i Bergen, som er ein av fleire stadar ein finn våre produkt

Les mer på www.homlagarden.no

Homlagarden

  • Økodrift Homlagarden AS har ein årleg produksjon av om lag 13 000 økologiske kalkun og 7500 økologisk kylling på sju bruk i Hardanger og eitt bruk i Vestfold.
  • Desse vert slakta og pakka i eige EU-godkjent lokalt slakteri.
  • Les mer på www.homlagarden.no


Kontakt

Økodrift
Homlagarden AS

Aksnesvegen 92
5600 Norheimsund
Tlf.: 952 15 060

E-post
Facebook
homlagarden.no