Høgt & Vilt - Mat fra vest

Høgt & Vilt

Dyrkar og hauster økologiske urter

Urtespesialisten frå Gloppen

Bjørg Devik Aurlien i Høgt & Vilt produserer økologiske urter og kallar seg sjølv «Bonde utan traktor». Urtene og krydderet hennar er godt kjend over heile Vestlandet.

På ein bratt gard over Gloppefjorden, langt unna forureinande kjelder, veks urtene til Bjørg. Nokre av dei har ho dyrka sjølv, medan andre er viltveksande på garden hennar. I 13 år har ho hausta dei inn, og deretter seld dei som eigenproduserte krydderblandingar og tear.

– I tillegg sel vi urtesalt, som har blitt veldig populært, samt blomar som blir brukt til etande matpynt. Alle råvarene våre er økologiske og ingenting blir tilsett, seier Bjørg. Vi har strenge krav til kvalitet gjennom heile produksjonsprosessen.

I høgsesong har ho to tilsette som hjelper seg, og ei deltidstilsett resten av året. Tørkene surrar og går frå tidleg mai til midt i oktober.

Gjer alt sjølv

Alle urtene frå Høgt & Vilt kjem frå garden til Bjørg. Ingen kjøpte urter blir blanda inn. Dette skil henne frå mange av konkurrentane hennar. Ho tørker, reinsar og sel produkta sine sjølv. Urtehandverk på sitt beste, og mest naturlege. Dette er noko kundane har sett pris på dei siste 13 åra.

– Produkta mine blir selde i utvalte butikkar, flest på Vestlandet. Sjølv stiller vi på Bergen Matfestival og andre messer. Eg vil òg nemne at vi har ein triveleg «Stabbursbutikk» på garden, og at produkta mine kan sendast med posten over heile landet, seier Bjørg.

Høgt & Vilt

  • Bjørg Devik Aurlien i Høgt & Vilt produserer økologiske urter og kallar seg sjølv «Bonde utan traktor».
  • Urtene og krydderet hennar er godt kjend over heile Vestlandet.


Kontakt

Høgt & Vilt

Bjørg Devik Aurlien
6828 Hestenesøyra
Tlf: 908 65 761

E-post
hogtogvilt.no