Då fruktbonde Turid Alice Skjervheim var lita, elska ho tørka frukt. No har ho gjort tørka frukt frå HAUST til ein ettertrakta merkevare.
– Eg har vore fruktbonde i fleire år, men det var først då eg slutta å sende frukta til fruktlageret, men tok meg av heile prosessen frå dyrking til sal, at eg fekk kjensla av å vere fruktbonde, fortel Turid Alice Skjervheim.
På garden Halvfjøringen i Ytre Ålvik har ho laga sitt eige kunsthandverk av frukt og bakverk. Ho klypper og formar frukttre, tynnar i blom og kart for å få fram den ypparste kvaliteten på frukta. Resultatet er tørka eple, pærer og plommer som ho sel til fruktelskarar over heile Vestlandet, anten som eige produkt, eller som ein ingrediens i andre produkt.
Sjå oversikt over HAUST sine produkt.
Godt handverk
Alt på garden er produsert for hand, med dei ressursane som fins i nærområdet. Den tørka frukta er utan konsenveringsmiddel eller andre tilsetjingar.
– Etter ein roleg start har det berre balla på seg med eit eige produksjonslokale. Det heile starta for alvor i 2003. No produserer eg store mengder heile året. Hausting og produksjon er godt gammaldags handarbeid, seier ho.
Sunt knask
Inspirasjon til dette naturens kunsthandverk finn ho langs fjorden, i fjella og i gleda over det ho har rundt seg. Det forfedrane har bygd opp vil ho føra vidare med stort og skapande hjarte, og ho er alltid på jakt etter å utvika nye spanande produkt.
– I tillegg til tradisjonell tørka frukt, likar eg og å eksprimentere med andre variantar av tørka frukt. Eg brukar tørka eple, pære, plomme i andre produkt som fruktkjeks, cognackake, fruktte, chutneyar, syltetøy. Andre produkt er på gang.
Dekorerer epla med smilefjes
Det ligg mykje arbeid i produksjonen til Turid Alice. For å lage 50 gram med tørka frukt, brukar ho eit halvt kilo med eple. Då seier det seg sjølv at det er mykje arbeid for kvar pose som kjem på marknaden.
– Å selje mi eige frukt gjev meining, og det kjennes ekstra godt ut når eg får gode tilbakemeldingar frå nye kundar eller mine faste kundar, fortel ho.
Som prikken over i-en, dekorerer Turid Alice gjerne epla med ulike formar for tekst og bilete. Smilefjes, hjarte og god jul eller alle motiv ho har brukt tidlegare.
– Utover hausten lagar vi spesialeple ved på klistre på ulike merker medan epla enno heng på trea. Sollyset hjelper oss med å få fram motivet. Epla er fine gåver og helsingar til spesielle høve, tipsar ho.
Turid Alice Skjervheim
Krokatveitvegen 41
5614 Ålvik
Tlf: 470 32 885
E-post
haust-hardanger.no
Gunnar Nagell Dahl,
Festivalsjef
Telefon 55572150
Mobil 95 11 84 90
E-post gnd@fmho.no
Copyright © 2014
All rights reserved