Haugen Gardsmat - Mat fra vest

Haugen Gardsmat

Kjøtprodukt frå reinsdyr, hjort, svin, sau og geit

Rein matglede frå Sogn

Odd Lothe Ohnstad vaks opp i ein mat- og jaktglad familie. No driv han og kona Kristine verksemda Haugen Gardsmat på fulltid, og produserer kjøtprodukt frå reinsdyr, hjort, svin, sau og geit.

Visste du at 30 prosent av norsk tamrein er å finne i Sør-Norge? Ein som har inngåande kunnskap om reinsdyr i dette området er gründer, jeger og bonde, Odd Lothe Ohnstad.

– Innanfor ein radius på eit par timars køyring frå garden vår på Flåm har vi det eg vil definere som tre store flokkar med rein rundt Jotunheimen. Desse flokkane blir drifta på same måte som ein saueflokk. Beitegrunnlaget deira er variert og godt, noko som gjer at kjøtet kan bli veldig mørt, seier han.

Tunet på gardsbruket i Flåm

Tunet på gardsbruket i Flåm

– Stoltheit i god behandling av kjøtråvarene

Reinsdyrkjøt er eit av dei mange ulike kjøtprodukta han og kona Kristine Ohnstad produserer i verksemda Haugen Gardsmat. I alle år har det vore ei stor glede og interesse for mat og drikke på gardsbruket i Flåm.

– Eg er nok over gjennomsnittet interessert i god mat og drikke. Mykje av grunnen er nok fordi eg er fødd inn i ein jegertradisjon som gjaldt for både familien og lokalmiljøet mitt. Inkludert i denne tradisjonen er eit sterkt søkjelys på det å ta vare på dei flotte råvarene som vi hentar frå fjellet, seier Ohnstad.

– Det var alltid ein stor skam rundt dette å ikkje slakte eit dyr ordentleg. Det skulle gjerast reinsleg og kjøtet skulle stykkast opp på ein fornuftig måte. Dette er noko vi har vidareført i verksemda vår.

Utnyttar dyra betre

Fordi Haugen Gardsmat skulle vere grunnlaget for fulltidsjobb for både Odd og Kristine, har verksemda blitt større enn mange av småskalaprodusentane. Samstundes er dei mindre enn dei store aktørane i industrien.

– Det gir oss ein større fleksibilitet enn dei store verksemdene i industrien, slik at vi blant anna kan drive med meir skreddarsaum. Vi kan eksempelvis stykke eit lam slik at ein optimaliserer verdiane som lammet representerer. Kundane kan òg kjøpe dei delane av dyret dei ønskjer, forklarer Ohnstad.

Haugen Gardsmat er med på Bondens Marknad i Bergen og Oslo og vert etterkvart å finne i butikkar som Spar og Joker i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Haugen Gardsmat

  • Odd Lothe Ohnstad vaks opp i ein mat- og jaktglad familie
  • No driv han og kona Kristine verksemda Haugen Gardsmat på fulltid, og produserer kjøtprodukt frå reinsdyr, hjort, svin, sau og geit


Kontakt:

Haugen Gardsmat
5743 Flåm
Tlf: 915 39 026 / 918 03 942

E-post
Facebook
haugengardsmat.no

Nyhendebrev